Til topps i stor inneturnering

Trio sine jenter 15 imponerte stort i ein inneturnering i fotball i Bergen sist helga.

DEL


I helga reiste 13 jenter og ein del føresette til Bergen for å delta i Bergen Fotballfestival i Vestlandshallen.

– Ei kjempehelg på alle måtar, som til slutt vart krona med flott pokal og turneringssiger i ein klasse som talde 24 lag, stort sett frå Bergensområdet, seier trenar Per Einar Gjerding

Trio stilte med 2 lag, Trio Rød og Trio Blå. Trio Rød spelte totalt 5 kampar. 3 tap med eitt mål og to uavgjorte med straffekonk vart det. Dei fekk eit uheldig tap i kvartfinalen i b-sluttspelet søndagen, der dei leia 2-0 og førte heile kampen, men til slutt tapte.

Trio Blå bestod av dei som hadde 80% treningsframmøte gjennom fjoråret.

– Jentene fekk samspelet til å flyta fantastisk godt frå starten av og vann dei to første kampane 8-0 og 7-1. Puljesiger og klar for kvartfinale i a-sluttspel. Her møtte vi eit av mange Gneist lag. Jentene var «på» så det heldt og vant komfortabelt 4-1, fortel Gjerding.

I semifinalen venta Olsvik/Kjøkkelvik 1.

– Vi startar bra og trur vi har avgjort på 3-1, men like etter står det 3-3. I den spennande kampen er det til slutt Julie Ersland som avgjer då ho set inn 5-4 målet, og ein fortent finaleplass, seier Gjerding.


Finale

Finalen går mot Åsane, som for eitt år sidan vann 14-års klassen i same cup.

– Eit toppa Åsane lag spelar svært bra, men våre jenter står fantastisk opp og jobbar som løver. Det er ikkje ufortent når Julie gir oss 1-0. Utlikninga kjem tre minutt før slutt og ein svært god og spennande finale må avgjerast på straffar (best av tre), forklarar Gjerding.

Julie og Ingeborg set våre to sikkert i hjørnet, mens Åsane sender ein over og Malene reddar nr. to. Dermed kan jentene strekka armane i veret, hyla ut og gle seg over sin andre turneringssiger siste halvåret, seier ein svært nøgd trenar

Dei to laga storkoste seg på turen med fellesmiddag på Egon og overnatting på gode gamle Hotel Orion, som bydde på nyoppussa rom og ein fantastisk frukost!

Laget har fått to solide forsterkingar til laget frå Halsnøy i år.

– Søsken-barna Ida Lygre og Malin Lygre har glidd flott inn i miljøet og leverte svært bra frå første stund i rødt og blått, melder Gjerding

I vår skal laget spela første divisjon i Rogaland og i juni skal dei spela Sør-Cup i Kristiansand.

Spelarane på laga som var med var: Malene Heimvik, Cecilie Medhaug, Ida Lygre, Malin Lygre, Synna H. Gjerding, June Marie S. Bjelland, Ingeborg S. Hagan, Emma S. Meling, June S. Hammer, Astrid Borgen, Linnea E. Rusten, Ariana Quam, Julie S. Ersland.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags