To lag med mykje å spela for

Trio fekk det tøft i Odda laurdag, men får likevel spela NM neste år. Odda sikra plassen sin i 4. divisjon etter 2–0-sigeren. Trio-spelar Eivind Tufta Saghaug måtte til sjukehus med knekt nase etter ein tøff duell i 1. omgang. Sjå duellen i videovindauga over (46. minutt i opptaket). Video: Hardanger Folkeblad.

Artikkelen er over 1 år gammel

Med siger over Odda laurdag, vil Trio vera sikra plass i neste års NM.

DEL


Raudtrøyene ligg på 4. plass, eitt poeng føre Gneist. Bergensarane møter nedrykksklare Fana 2 heime samtidig.

Motstandaren i helga, Odda, står i fare for å rykka ned frå 4. divisjon. Dei ligg likt med Ny-Krohnborg, og har berre to lag bak seg på tabellen.

– Vi er avhengige av å scora ein del mål, så vi må stupa rett i angrep. Vi har ingenting å tapa, seier OFK-trenar Tore Rønhovde til Hardanger Folkeblad.

  • Laurdag kl. 16:00: Sjå OFK–Trio direkte i avspelaren i videovindauga øvst!

I tillegg til svak form, slit OFK med skadar før naboduellen mot Aleksander Blokhus Ekeland sine menn, melder Hardanger Folkeblad.

Full oversikt over siste serierunde og tabell finn ein på Hordaland Fotballkrets sine sider.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags