Trio vil kjempa i toppen

MEIR JUBEL: Trio-tilhengjarane håpar på mykje scoringsjubel i haustsesongen. Bildet er frå vårkampen mot Fana 2 som Trio vann 3–1. (Arkivfoto).

MEIR JUBEL: Trio-tilhengjarane håpar på mykje scoringsjubel i haustsesongen. Bildet er frå vårkampen mot Fana 2 som Trio vann 3–1. (Arkivfoto).

Trio hadde som mål å unngå nedrykk frå fjerde divisjon. Det blir ikkje eit tema denne hausten.

DEL

Det var ein spent triogjeng som tok fatt på fjerdedivisjon etter opprykket frå femte i fjor. Det har gått over all forventing og laget er no med og knivar om opprykk til tredjedivisjon. Laget ligg på tredjeplass, berre tre poeng bak førsteplassen.

Kaptein Åsmund Voster seier han er klar for ein spanande haustesesong. Den startar alt til helga heime mot Trott.

Kapteinen som bur i Bergen trener for tida for seg sjølv, og har ikkje funne noko lag å trena med i Vestlandets hovudstad.

– Eg kjem nok til å finna meg eit lag no i haust, seier Voster, som seier det er uaktuelt å spela for noko anna lag enn Trio.

Kjekt

– Det er kjekt i Trio no, og det blir spennande å sjå korleis det går i haust. Målet var jo å unngå nedrykk, og det trur eg vi klarar. Å rykka opp er ikkje noko vi har snakka om, men vi ligg jo der vi gjer på tabellen, og det er ikkje langt opp, seier Voster.

Kapteinen trur dermed ikkje det vil vera umogleg å ta eit steg opp, noko som vil føra til store endringar i klubben.

– Det hadde vore ein stor motivasjon, og eg trur vi skulle klart å yta god motstand også i tredjedivisjon. Samtidig vil det føra til langt meir reiseaktivitet og det vil bli dyrare for klubben, seier Voster.

Han trur laget vil bli betre i haust.

– Vi er ein ung gjeng som har fått meir rutine. I kampen mot Arna/Bjørnar leia vi 3–0, men spelte uavgjort 3–3 . Det trur eg vi lærte mykje av, og det som skjedde i den kampen har vi snakka mykje om, seier Voster.

Optimist

Trenar Aleksander Ekeland seier det alltid er litt spenning etter seks veker med fri frå fotballkampar. Han kan lysteleg fortelja at George Onasaka er flytta tilbake og klar for Trio i haust. Laget går dermed styrka inn i haustsesongen.

Mats Ekeland og Lars Bernhard Heggøy flyttar begge frå kommunen, men skal spela vidare i Trio.

Opprykk vil ikkje Ekeland snakka om.

– Vi må ta kamp for kamp, så ser vi kvar det endar, seier han.

Til oppgjeret mot Trott er Erik Solberg suspendert, elles er alle klare til kamp.

– Dette er eit lokaloppgjer og Trott er nok på hogget for å revansjera 0–3-tapet på heimebane. Men eg trur vi har trent bra og vi går for tre poeng på ei flott grasmatte, seier Ekeland.

Måndag tapte Trio 1–3 i ein treningskamp heime mot Skjold. Martin Veastad skåra raudtrøyene sitt mål. Aleksander Blokhus Ekeland sitt lag ligg på ein sterk 4. plass etter halvspelt sesong. Opp til Åsane 2 på 1. plass skil det tre poeng.

    Det enda uavgjort i naboduellen mellom Trio og Trott laurdag. For å sjå alle skåringane i reprise: Hald over tidslinja og klikk der det er markert svart.


    Send tekst og bilde «

    Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

    Artikkeltags