Uskedalen G12 fekk vera ballgutar under eliteseriekamp

Av
DEL


I helga som var fekk Uskedalen G12 eit fantastisk møte med fleire fotballheltar då Viking spelte kamp mot Bodø/Glimt.

I vinter planla vi ein tur til Stavanger for å sjå på Viking. Vi sjekka om det var mogleg å få tak i reisepengar frå sponsoren vår, Hardanger Rock, og Anne Kristin Bondhus og Kjell Apeland i Hardanger Rock tente så på ideen at vi fekk det vi trong for å kunna gjennomføra turen.

Flott oppvarting av FKH

Vi har hatt kontakt med FKH i Haugesund og ansvarleg for trenarløftet, Klaes Rasmussen. Laurdag morgon reiste ni gutar og tre vaksne til Haugesund for omvising på Haugesund Stadion med Utviklingsleiar i FKH, Søren Lykke. Han viste oss rundt og vi fekk òg koma inn på banen.

Så reiste vi til Vea Hallen på Karmøy og såg A-laget til FKH. Dei hadde ei øving som gutane kjende seg igjen i, nemleg å spela inne i ein firkant der nokon skal ta ballen frå dei andre. Jostein Grindhaug, trenaren til FKH, lurte på kven vi var, og syntes det var synd at det ikkje var noko anna opplegg laga til for oss. Så han lagde ein liten bane slik at vi kunne spela ein kamp fem mot fem. Han hadde med seg ein slektning på gutane sin alder. Så kamp blei det, med Jostein Grindhaug i eine målet og eg i det andre. Det blei ein heilt anna intensitet over det enn kva gutane var vane med heime. Etterpå blei det autografsamling, og FKH-spelarane stilte velvillig opp.

Fekk vera fotballgutar

Så sette vi kursen mot Stavanger der vi skulle overnatta på hotell. På hotellet fann vi ut at laget til Bodø/Glimt også budde der, så vi såg damelandskampen til Norge på storskjerm saman med trenarteamet til Bodø/Glimt!

I forkant hadde vi kontakta utflytta kvinnhering Lars Johan Myklebust som jobbar i Viking. Han driv med utvikling av barnefotballen i Rogaland.

Søndagen starta med trening klokka 10 ved sida av Viking Stadion. Det var Lars Johan som tok seg av dette. Han hadde også med seg nevøen sin, Sebastian, som trena saman med gutane. Etter treninga skulle vi møta Lars Johan igjen for omvising. Vi var litt tidlege og stilte i dei nye, flotte genserane vi fekk av Brødrene Musland maskin. Det var bra, for det var ikkje ballgutar til denne kampen, så vi fekk jobben! Det var eigen garderobe til dette oppdraget. Det var nok mange spente foreldre som sat og følgde med kampen på tv.

Etter omvising på stadion og i garderobane fekk vi stå ved spelarinngangen og samla autografar. Det var nok Johnny Furdal som måtte skriva mest. Så måtte gutane ut på banen og leggja ut Fair Play-flagget, og få instruksjon om ballgut-jobben. Før kampen ropte speaker opp kor vi kom frå. Denne kampen blei også den første kampen for Johnny Furdal i eliteserien for Viking.

Fantastisk tur

Denne turen har overgått alt vi kunne planlagt eller håpa på. Gutane har fått eit skikkeleg fotballmessig påfyll. Takk til Hardanger Rock for midlar til denne flotte turen. Takk igjen til FKH, Viking og Lars Johan Myklebust. Sist men ikkje minst takk til Anne Kristin Bondhus og Line Soltveit som køyrte og var med og hjelpte til. Einaste minuset ved turen var at begge laga vi besøkte på desse to dagane, tapte sine kampar!


Tekst/foto: Trond Myklebust,

trenar for Uskedalen G12.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags