Frøya for sterke for Trio

Tabelleiar Frøya (i svart) blei for sterke for kaptein Ronny S. Hamre (t. v.) og resten av Trio.

Tabelleiar Frøya (i svart) blei for sterke for kaptein Ronny S. Hamre (t. v.) og resten av Trio.

Artikkelen er over 6 år gammel

Det starta bra, men enda dårleg for Trio i heimekampen mot tabelleiar Frøya laurdag.

DEL

Trio spelte ein god første omgang. Heimelaget tok leiinga tidleg, då Henrik L. Røssland skåra første målet etter berre nokre minutt, og etter 30 minutt sette Allkan Abdulla ballen i nettet. Men i andre omgang viste gjestene musklar og tok over kampen. Roger Røssland utlikna til 3–3 i det 62. minutt, men Frøya skåra sitt fjerde mål tre minutt etter, og då var kampen eigentleg avgjort.

– Vi var veldig optimistiske då vi gjekk til pause med 2–1, men så blei vi rundspelte i andre omgang. Dei var rett og slett eit betre lag. Dei spelte omtrent slik eg hadde sett for meg, og vi klarte ikkje å demma opp sjølv om vi hadde snakka om korleis vi skulle gjera det på førehand. Ein fortent siger for Frøya, seier trenar Eivind Nissestad.

Resultat og tabell finn du her.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags