Tapte mot overmakta

Tina (her med ballen) og Tertnes fekk det tøft i siste seriekamp onsdag. Her frå førre kamp mot Fredrikstad. (Foto: Jan Gunnar Kolstad / BA).

Tina (her med ballen) og Tertnes fekk det tøft i siste seriekamp onsdag. Her frå førre kamp mot Fredrikstad. (Foto: Jan Gunnar Kolstad / BA).

Det ville seg ikkje for Tina Abdulla & co. i gullklare Kristiansand onsdag kveld.

DEL


Tina Abdulla og Tertnes var på sølvmedalje-jakt. Men for å snika seg opp på 2. plassen i kvinnene sin toppdivisjon, måtte dei slå knallsterke Vipers Kristiansand borte, samtidig med Larvik-hjelp mot Storhamar.

Men bergensarane fekk det som venta tøft i Kristiansand, og tapte til slutt 24–32 onsdag kveld. Dermed måtte Tina & co. ta til takke med bronse, noko som er laget sin første medalje på fire år.

No står NM-sluttspelet igjen før sesongen er ferdig. Torsdag blei det klart at Tertnes møter Fredrikstad i kvartfinalen.

Direktesport: Sjå høgdepunkt frå oppgjeret mot Vipers her! (+)

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags