Kjetil Berge på årets lag i Adeccoligaen

Kjetil Berge vart kåra til årets spelar i Adeccoliga-klubben Sparta Sarpsborg. (Pressefoto).

Kjetil Berge vart kåra til årets spelar i Adeccoliga-klubben Sparta Sarpsborg. (Pressefoto).

Artikkelen er over 9 år gammel

Fotballspelaren Kjetil Berge er teken ut på «årets lag» i Adeccoligaen.

DEL

Kjetil Berge, som eigentleg kjem frå Valen, har dei siste sesongane spela for Sparta Sarpsborg i Adeccoligaen. Den solide midtstopparane har hatt ein veldig god sesong for klubblaget, og han er plukka ut på «årets lag» i Adeccoligaen. Det er A-Pressen som kårar årets lag i den nest gjevaste divisjonen.

Berge har tidlegare spela for Trio, Kjelsås og Skeid.

Ikkje nok med det, unge Berge vart òg kåra til årets spelar av eigen klubb i år. Han fekk pris for dette rett etter at sesongen var ferdig.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags