Slik gjekk det i lokalfotballen

(Illustrasjonsfoto: Colourbox).

(Illustrasjonsfoto: Colourbox).

DEL


Poengdeling

Trio sitt kvinnelag i 5. divisjon spelte søndag uavgjort mot Baune på Kvednabekkjen. Kampen enda mållaus.

Raudtrøyene ligg på 3. plass med fem poeng etter fire kampar.

To Rosendal-tap

Begge Rosendal-laga på seniornivå snubla på heimebane denne helga.

Rosendal-kvinnene (4. div.) tapte 0–2 mot Lyngbø. Same resultatet blei det i laurdagens duell mellom Rosendal-herrane og Søre Neset (6. div.).

Tapte i Fusa

Halsnøy-herrane fekk det òg tøft. Dei blågule tapte 1–2 borte mot Eikelandsfjorden i Fusa. Håvard Vågen frå Valen scora gjestene sitt mål.

Målrikt

Strand-Ulv sitt herrelag i 7. divisjon måtte tola å sjå heile ni scoringar gå i eige nett. Norges Handelshøyskole sitt tredjelag blei for gode då dei besøkte Ølve søndag. Mathias Mandrup Boland Johansen scora heimelaget sitt einaste mål.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags