Trio-tap mot Djerv

Allkan Abdulla & co gjekk på ein smell i vårens siste heimekamp. Her har akkurat gjestene frå Bergen auka til 2–0.

Allkan Abdulla & co gjekk på ein smell i vårens siste heimekamp. Her har akkurat gjestene frå Bergen auka til 2–0.

Trio-herrane måtte gå mållause av banen laurdag ettermiddag.

DEL

To scoringar frå gjestene før sidebytet var nok til å senda bergensarane heim med tre poeng.

– Vi gjorde ikkje det vi skulle og var ikkje aggressive nok i 1. omgang, seier Trio-trenar Aleksander Blokhus Ekeland til Kvinnheringen.

Heimelaget, som stod med to sigrar på rad før oppgjeret mot Djerv, skapte lite før pause i den steikande sola på Husnes Stadion. Etter kvilen kom vertane til fleire store sjansar, men forsøket var forgjeves. Cirka midtvegs i omgangen blei Martin Lygre lagt i bakken av Djerv-keeperen. Trio-spelarane ropte etter det som kunne sjå ut som eit klart straffespark, men domaren vinka spelet vidare.

– Karane er mykje betre i 2. omgang. Vi hevar oss, men får ikkje ballen i mål. Då blir det vanskeleg, seier Blokhus Ekeland etter vårsesongens siste heimekamp.

Onsdag møter Trio rosendelingen Anders Næs sitt Øystese borte.

– Vi har to kampar igjen før sommarpausen. I denne avdelinga går vi på banen for å vinna alle kampane vi spelar, så enkelt er det, avsluttar Trio-trenaren.


Sjå tabell og terminliste her!

4. divisjon, menn:

Trio – Djerv 0–2 (0–2):

0–1: 22. min

0–2: 43. min

Slik stilte Trio (5–3–2):

Eirik Werner Eikeland – Henning Haugland Solheim, Henrik Lægreid Røssland, Espen Tufta Saghaug, Mats Åsheim Mo, Sander Saghaug Lillesletten – Marius Myklebust, Eivind Tufta Saghaug (K), Erik Voster Solberg – Allkan Abdulla, Martin Lygre.

Innbytarar: Ruben Saug, Kjetil Eide, Andreas Vågen Røyrvik, Marcus Hylland Såtendal, Mads Prestnes Jørgensen, Andreas Thorkildsen, Nikolai Bendiksen Mayer.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags