Imponerte over vidda

F.v.: Anne Kari Enes, Trude Sundsteigen, Knut Inge Engelbreth, Harald Saghaug, Sigurd Guddal, Benjamin Hus Ripel, Steffen Brufladt, Martha Sofie Varanes, Åsmund Fagna, Johannes Heien, Jarle Røstbø, Eirin van Gool, Anne Helen Ripel, Mona Eikemo Røstbø.

F.v.: Anne Kari Enes, Trude Sundsteigen, Knut Inge Engelbreth, Harald Saghaug, Sigurd Guddal, Benjamin Hus Ripel, Steffen Brufladt, Martha Sofie Varanes, Åsmund Fagna, Johannes Heien, Jarle Røstbø, Eirin van Gool, Anne Helen Ripel, Mona Eikemo Røstbø.

DEL


Ei rekke kvinnheringar sprang laurdag Hardangervidda Marathon. Steffen Brufladt frå Rosendal kom i mål som nummer tre i den 42 kilometer lange maratonen. Han sprang inn til tida 4:11:35, litt over 13 minutt bak vinnaren.

Brufladt var langt frå einaste kvinnheringen som stilte til start. Johannes Heien frå IL Ternen blei nummer åtte i herreklassen på tida 4:36:46, og Benjamin Hus Ripel frå Rosendal Turnlag nummer tolv, på tida 4:43:35.

– Dette var nok nytt for mange. Ikkje alle visste kva dei gjekk til, men det var eit fantastisk løp å vera med på. Variert med asfalt, berg, myr også vidare. Eg måtte be ei lita bøn inni meg om at det skulle halda heile vegen. Det var veldig kjekt og utruleg flott natur når ein fekk høve til å kikka litt opp, seier Johannes Heien til Kvinnheringen.

Bak dei på heilmaratonen kom Jarle Røstbø, Harald Saghaug (IL Ternen) og Sigurd Guddal (Rosendal Turnlag).

Martha Teigen Varanes blei nummer elleve i kvinneklassen, med tida 5:36:07.

På halvmaratonen kom Trude Sundsteigen frå IL Trio på sjuandeplass. Ho gjekk til topps i sin klasse. Mona Eikemo Røstbø blei nummer tolv totalt og nummer to i sin klasse. Bak kom Anne Kari Enes, Eirin van Gool og Anne Helen Ripel.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags