Imponerte i Tyskland: – Utruleg spesielt!

Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Marius Ripel Jensen er nøgd etter IDM-stevnet på Hockenheim-banen i Tyskland.

DEL

Han var éin av seks som Norges Motorsportforbund nyleg plukka ut til å køyra Superbike-finalane denne helga.

Laurdag var han beste nordmann i mål – søndag enda han som nest beste. Det blei 22. og 23. plass totalt i dei to finalane, i konkurranse med 36 førarar. Kvalifiseringa til finalane gjekk knirkefritt, ifølgje han sjølv.

– Dette er større enn det eg er van med. Vi nådde måla og vel så det. Vi er meir enn nøgde, seier Ripel Jensen etter karrierens største utfordring.

– Korleis var det å kjenna på nivået?

– Sporten i Norge er så liten. Det kan ikkje samanliknast. Det var heilt sjukt. Eg har jobba hardt for å bli god nok for dette nivået. Og så var det utruleg spesielt å køyra for så mykje publikum, seier 25-åringen.

Husnes-guten kjempa mot førarar med VM-erfaring, og køyrde lengre og fleire rundar enn det han tidlegare har gjort.

– Er dette noko du kan bli van med?

– Ja. Vi har snakka om det. Vi kjem til å reisa på fleire slike løp og prøva oss på nytt, seier han, og ønskjer å takka sponsorar og alle i «teamet» som har hjelpt til.

Til vinteren ventar eit lengre treningsopphald i Spania i førebuingane til neste sesong.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags