Knuste Molde i kvartfinalen - klare for semifinale

Gutane til Halsnøy har imponert og vunne alle sine kampar så langt. No er dei klare for semifinale. (Foto: Christine Solheim)

Gutane til Halsnøy har imponert og vunne alle sine kampar så langt. No er dei klare for semifinale. (Foto: Christine Solheim)

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Dei 14 år gamle gutane til Halsnøy er klare for semifinale i a-sluttspelet i Norway Cup.

Turneringa på Ekberg-sletta har ikkje vore noko anna enn eit eventyr for gutane frå Halsnøy. I dag klokka 10.00 var Molde motstandard, og Halsnøy var nok litt skremt over ein slik mostand, men det var det ikkje nødvendig å vera.

Halsnøy gjekk ut i hundre og var med på notane frå første spark. Midtvegs i første omgang er det Bjørn Einar Hvidevold som sender Halsnøy i føringa. Maikren Juus ordna 2–0 eit stykke ut i andre omgang, og etter det var sigeren aldri truga.

– Oisann oisann, vi har slått ut ein småklubb som Molde, seier Verner Fjelland som følgjer laget tett i Oslo.

– Det var veldig fortent, med ein fantastisk innsats. Gutane jobba utruleg bra for kvarandre, skryt Fjelland. Han trekk og fram Christoffer Hillestad, som eigentleg ikkje er keeper, emn som står i mål i Norway Cup. Han har vore strålande, seier Fjelland.

No får gutane ein kort pause, alt klokka 15.15 er det semifinale mot Bærum eller Ørskog.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags