Trenar med Sandnes Ulf og Viking

Johnny Furdal (t.h.) og Rune Åsheim Mo kan ha spelt sin siste kamp saman. Furdal er aktuell for Brann, medan Åsheim Mo trenar med Sandnes Ulf og Viking. (Arkivfoto).

Johnny Furdal (t.h.) og Rune Åsheim Mo kan ha spelt sin siste kamp saman. Furdal er aktuell for Brann, medan Åsheim Mo trenar med Sandnes Ulf og Viking. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 1 år gammel

Rune Åsheim Mo (23) er ferdig i Nest-Sotra.

DEL

Les også: Vurderer klubbskifte

Midtbanespelaren fortel at han har takka nei til FK Fyllingsdalen og Sotra, naboklubben til Nest-Sotra.

Han skal også ha kome til semje om kontrakt med hardtsatsande Lysekloster, men ønsker å sjå an situasjonen, seier han. 23-åringen frå Sunde har nemleg vore på trening med Sandnes Ulf og Viking.

Måndag reiser han ned att til Sandnes for å trena vidare med dei lyseblå, der tidlegare barndoms- og lagkompis Roger Blokhus Ekeland spelar.

– Vi får sjå kva Sandnes seier. Dei ville ha meg ned att, og det er jo positivt. Eg hadde ein god samtale med trenaren (Bengt Sæternes, red.anm.) etter trening torsdag, seier Åsheim Mo til Kvinnheringen.

– Ein veit aldri i fotball. Viking vil ha meg med når dei startar oppkøyringa til neste sesong, men skulle det koma eit tilbod frå Sandnes Ulf før den tid, må eg jo vurdera det, seier han.

Den tidlegare Trio- og Stord-spelaren avsluttar dermed samarbeidet med OBOS-ligaklare Nest-Sotra, eitt år før kontraktstida er ferdig. Han har tidlegare i karrieren vore på prøvespel i Bryne.

Furdal: – Vi har snakka saman. Skjer det, så skjer det

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags