Snart klart for Postvegløpet

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Laurdag 9. mai blir Postvegens dag markert med det andre «Postvegløpet» i rekkja.

DEL

Løpet blei arrangert for første gong i fjor i samband med markeringa av at Postvegen var ferdig, og blei ein suksess.

– 107 deltok i trimklassen og 27 fullførte halvmaratonløpet. Vi håpar på enda fleire deltakarar i år, seier Gro Rusten Saghaug. Ho er leiar i Idrettslaget Ternen som er arrangør saman med Interesselaget Postvegen.

Løypetraseen er den same som i fjor. Halvmaratonløpet på 21,1 kilometer startar i Tveitedalen ved Ternebu og skisenteret. Dei som går i trimklassen startar frå Handeland gard og går til saman sju kilometer. Mål er ved den gamle Hellandsbrua.

– Ved Helland lagar interesselaget til ein koseleg innkomst, med kaffi og noko å bita i, og så blir det sal av Postvegbøker og t-skjorter, fortel Ove Tvedt i Interesselaget Postvegen.

I fjor blei svensken Max Glännefors, busett i Bergen, vinnar av halvmaratonløpet, med tida 1:20:39. Marit Årthun blei beste kvinne med tida 1:35:39. Den som slår løyperekorden i år stikk av med tusen kroner, elles får alle på pallen flotte Ternen-krus. Alle som deltar i konkurranseklassen får t-skjorte og diplom.

– Eg får sitera svensken, som sa at traseen til dels var farleg. Det var så flott utsikt at han heldt på å stupa! flirer Tvedt.

Startskotet for både konkurranseklassen og trimklassen går samtidig.

– På den måten er det folk, liv og røre i løypa. Vi håpar også at mange er med og heiar fram løparane, seier Rusten Saghaug.

Påmelding til løpet skjer via Idrettslaget Ternen si heimeside il-ternen.no, og påmeldingsfrist er torsdag 7. mai.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags