Inviterer til den 26. Romjulscupen

Herrefinalen i 2017 mellom Sunde Allstars og Saoane hadde det meste. Høg temperatur, ei utvising (to minuttar), straffebom og folk som brukte kjeften like flittig som beina. (Arkivfoto).

Herrefinalen i 2017 mellom Sunde Allstars og Saoane hadde det meste. Høg temperatur, ei utvising (to minuttar), straffebom og folk som brukte kjeften like flittig som beina. (Arkivfoto).

IL Trio inviterer til den 26. Romjulscupen i Husneshallen.

DEL


«Romjulscupen som på folkemunne i Europa blir rekna som den mest prestisjetunge og viktigaste turneringa etter Champions League. Folkefesten som får julefeittet til å skjelva og som engasjerer heile kommunen fra Ølve til Borgundøy,» skriv arrangøren.

Påmeldingfristen er sett til torsdag 20. desember.

«Vi oppmodar venelag, studiekameratar og -veninner, fiendar, bedrifter, syklubbar og andre tenkjelege og utenkjelege konstellasjonar om å samlast til kamp om lærkula 2. og 3. juledag,» står det vidare.

– Det brukar å bli fullt. Det er plass til 25 lag, så eg vil oppmoda alle til å melda seg på no, seier cupgeneral Rolf Vidar Grønstøl Hansen.

Den tidlegare Trio-spelaren har vore arrangør for cupen i ei årrekke.

– Har fotballfesten forandra seg noko?

– Det kjem fleire nye lag for kvart år. Det er jo litt synd at det er færre av desse gamle travarane som er med, men det har vel sine naturlege årsaker. Det er blitt meir ein cup for dei som spelar fotball, eller har spelt nyleg. Eg skulle ønskt at større bedrifter som Hydro stilte lag, men no er det slik at ein sluttar med fotball i yngre alder. Før heldt ein det gåande til over 30. Tidene har forandra seg, men det blir nok uansett rivalisering og temperatur på banen, det er eg sikker på, seier Grønstøl Hansen, og legg til:

– Det er ein veldig sosial ting. Det er jo alltid fullt på tribunen, og ein treffe gamle kjende som er heima på ferie. Eg gler meg alltid til dette, avsluttar han.

  • Kvinnheringen sender direkte frå Husneshallen 3. juledag. Dersom ein sit snøfast på fjellet eller er bortreist på juleferie, kan ein få med seg alle kampane på finaledagen direkte på Kvinnheringen.no!
Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags