Marcus med nok eit toppløp i Kollen

FORT: Marcus Enes-Seberg gikk inn til en knallsterk sjetteplass i Ungdommens Holmenkollrenn.

FORT: Marcus Enes-Seberg gikk inn til en knallsterk sjetteplass i Ungdommens Holmenkollrenn. Foto:

Av

Marcus Enes-Seberg bekrefta i helga at han er ein av dei aller mest spennande 14-åringane i Norge i langrennssporet.

DEL

Omvikdalen-utøvaren gjekk eit kjempeløp då han blei nummer seks i Ungdommens Holmenkollrenn. Det i ein klasse med nesten 250 deltakarar. Marcus viste lite respekt for konkurrentane då han i dei harde løypene klokka inn til sjette beste tid på tre kilometer klassisk. Det var oppløftande for den treningsvillige kvinnheringen at han skulle lukkast så bra i den stilarten. For det er i skøyting han har oppnådd sine beste resultat tidlegare. Marcus har inn mot denne sesongen terpa klassisk teknikk, og no ser det ut som at han får utteljing for nettopp det.

– Eg hadde forhåpningar om at det skulle vera mogleg å få til eit bra løp og det klarte eg, sa Marcus, etter at han hadde vore med og kjempa om pallplassering i landets største renn for 13- og 14-åringar.

Ungdommens Holmenkollrenn har status som uoffisiell norgesmeisterskap for desse årsklassane. Marcus hadde ein femteplass som beste resultat i Ungdommens Holmenkollrenn i fjor. Den kom på skøytedistansen.

Større prestasjon

Det var nok ein større prestasjon av Enes-Seberg å bli nummer seks i klassisk i år. Den unge tenåringen var ikkje like tilfreds med fristilrennet denne gongen, men kunne gleda seg over at det blei ei topplassering i det som var det siste året i Ungdommens Holmenkollrenn. Neste år er det hovudlandsrenn og der skal dei gå fem kilometer. Marcus ser fram til at han får gå to kilometer lengre i konkurransesammanheng. Han er nemleg av det uthaldande slaget. Det lokale stortalentet sin kapasitet kjem godt til rette i tyngre løyper. Enes-Seberg er ikkje blant dei som er kome lengst i den fysiske utviklinga av dei som konkurrerer i 14-årsklassen. Han er jamt over ein god del kortare enn konkurrentane. Sånn sett har han ein god del å gå på i forhold til dei som er 15-20 centimeter lengre og har meir å gi når det gjeld staking i dei flate partia.

– Det er kjekt å gå i Holmenkollen. Først og fremst fordi det er fine trasear her og det er eit flott anlegg. God stemning er det òg som oftast, sa Marcus, som håpar å få høve til å gå fleire renn der dei neste åra.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags