Etterlengta Martin-opptur

TILBAKE: Martin Femsteinevik var tilbake i toppen då han var med og kjempa om pallplassering i søndagens norgescuprenn på Lygna.

TILBAKE: Martin Femsteinevik var tilbake i toppen då han var med og kjempa om pallplassering i søndagens norgescuprenn på Lygna.

Av

Martin Femsteinevik fekk ein god start på skiskyttarsesongen då han slo dei svenske OL-vinnarane i stafett og blei nummer to i Idre. Sidan har det gått trått for Hatlestrand-guten, men søndag kom den etterlengta oppturen.

DEL


Martin skaut bra og gjekk fort då han var med og kjempa om pallplassering på sprinten i norgescuprennet på Lygna. Etter eit par skuffande helger var det godt å kjenna at kroppen spelte på lag igjen, sjølv om han på langt nær var like pigg som då det blei pallplassering i den internasjonale sesongopninga.

– Eg veit årsaka og er derfor ikkje så veldig bekymra. Det handlar om at eg stort sett har vore sjuk annakvar veke etter at eg kom heim frå den kombinerte samlinga og sesongopninga. Det er vanskeleg å få kontinuitet i treninga når det blir så mange avbrekk som eg har hatt i det siste. No har eg forhåpentlegvis brukt opp sjukdomskvoten på ei stund, seier Femsteinevik til Kvinnheringen.


Rettar blikket mot NM

Det var ein opptur for han at kroppen fungerte såpass bra som den gjorde. Det gjekk betydeleg tyngre både i norgescupopninga på Geilo og i den norske sesongopninga på Sjusjøen. Den eine dagen der var Martin forholdsvis pigg. Men han valte ski-par med feil struktur og sleit med dårleg glid då det endeleg klaffa både fysisk og på standplass. No håpar han på betre tider.

– Eg får ikkje gjort noko med sjukdomsavbrekka og renna som har vore. No handlar alt om å førebu seg skikkeleg til norgesmeisterskapen først på nyåret. Der ligg det IBU-cupplassar i potten. Dei som gjer det bra kan få reisa ut i januar. Eg håpar å vera med å kjempa om ein plass i IBU-cupen sjølv om det er mange som har same ambisjon. Nålauga er trongt, seier Martin.


Vil bygga opp ein formtopp

Han har vore sterk og god i sesongoppkøyringa, og har heilt klart IBU-cupnivået inne. Det handlar om å få tatt det ut i renn. Den tidlegare juniorlandslagsløparen håpar det skal vera mogleg å byggja opp ein formtopp til første del av NM som blir arrangert i Hallingdal.

– Eg er eit godt stykke unna toppnivået fysisk. Det gjer at eg også treng lengre tid på å restituera meg. Det lei eg under i helga sidan eg merka på søndagens sprint at eg hadde gjennomført eit normalprogram dagen i førevegen. Det var forresten langt under pari for mitt vedkommande. Hovudfokuset no blir å halda meg frisk gjennom jula. Eg trur det kan bli ein bra januar og februar viss eg maktar det, seier Martin, som ser fram til julefeiring i Kvinnherad.

Han har ikkje fått sett alt for mykje til slekt og vener i haust etter at flyttelasset blei sendt til Lillehammer. Derfor gler han seg til å komma heim sjølv om det vil bli mykje trening. Litt kos kjem det nok likevel til å bli mellom slaga på den dedikerte toppidrettsutøvaren som konkurrerer for Hålandsdalen.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags