Martin med råsterk siger i Norgescupen

Martin Femsteinevik gjekk til topps på sprinten i Norgescupen på Geilo denne helga. (Arkivfoto).

Martin Femsteinevik gjekk til topps på sprinten i Norgescupen på Geilo denne helga. (Arkivfoto).

DEL

Laurdag stemte alt for Martin Femsteinevik då han gjekk inn til siger på sprinten i sesongens første Norgescup-renn.

Skiskyttaren frå Kvinnherad skøyt godt og gjekk fort i sporet, og kunne til slutt jubla etter ein sterk prestasjon. Det skilte 15 sekund mellom dei seks beste på sprinten på Geilo.

På søndagens fellesstart gjekk det ikkje som planlagt. Der vart Femsteinevik nummer seks, eit halvt minutt bak vinnaren, etter at det svikta på standplass.

Les også: Stiller side om side med Bjørndalen, «Super Svendsen» og Bø-brørne

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags