Martin mista viktig høgdeopphald

MÅTTE BLI HEIME: Martin Femsteinevik gjekk på grunn av sjukdom glipp av eit nesten tre veker langt høgdeopphald i dei franske Alpane.

MÅTTE BLI HEIME: Martin Femsteinevik gjekk på grunn av sjukdom glipp av eit nesten tre veker langt høgdeopphald i dei franske Alpane. Foto:

Av

LILLEHAMMER: – Det er naturlegvis keisamt at eit så langt og viktig høgdeopphald går fløyten. Det er heller ikkje optimalt. Men eg er nøydd å gjera det beste ut av situasjonen, seier Martin Femsteinevik.

DEL


23-åringen var ikkje med då utøvarane på Team Mesterbakeren sette seg på flyet og reiste til Frankrike på eit godt og vel tre veker langt treningsopphald. Martin blei sjuk seks dagar før avreise, og var ikkje hundre prosent frisk då det var klart for avreise til Mellom-Europa. Både han, trenaren og det medisinske apparatet konkluderte med at det hadde lite for seg å reise så lenge han ikkje var hundre prosent klar for eit langt og forholdsvis tøft treningsopphald i dei franske Alpane.

– Eg blei som sagt ikkje frisk til vi skulle reisa. Først etter ti dagar var eg tilbake i treningsmodus. Det var ein sjanse for å reisa etter. Men eg veit av erfaring at det skal lite til for å bli sjuk eller å få trøbbel i høgda. Derfor valde eg i samråd med trenaren å bli heime for å trena. Sjølv om eg gjerne skulle ha vore saman med de andre gutane. Først og fremst fordi det er ein bra gjeng. Men også på grunn av at det er inspirerande å trena i nye omgivnader, seier Martin.


Den beste løysinga

Han konkluderte som sagt med at det ville vore ei betre løysing enn å få eit kortare opphald i Frankrike kor veldig mange landslag bruker deler av hausten. Martin legg ikkje skjul på at sjukdomsavbrekket sette han litt tilbake. Men etter at det meste har gått på skinner tidlegare i sommar, trur han ikkje det treng å bety all verda så lenge han får gjort det han har planlagt på treningsfronten dei neste vekene. Han har forresten flytta på seg i haust.

– Samtlege som er med på Team Mesterbakeren har base på Lillehammer. Det var eit krav at eg måtte flytta dit for å bli ein del av teamet. Kort og godt fordi trenaren og den sportslege leiinga er oppteken av tett oppfølging og at vi skal trena saman. Eg har funne meg godt til rette, og trur dette også blir ei god løysing for meg. Eg tenkte som så at eg ikkje kunne la ein slik sjanse gå frå meg. Forhåpentlegvis så kan Team Mesterbakeren-systemet hjelpa meg til å ta det siste steget, seier Martin til Kvinnheringen.

Han blir mindre å sjå i Hatlestrand utover hausten sidan det går slag i slag framover no. Norgesmeisterskapen i rulleskiskyting er plotta inn, og det vil bli ein nyttig test. Dei siste dagane har den kapasitetssterke Hålandsdalen-utøvaren vore oppteken med sauesanking på Hardangervidda. Det er både fin avveksling og god fysisk trening. Det blir nokre mil på beina så lenge det er snakk om sauesanking. Den doble norgesmeisteren på Voss føler at han er i rute til sesongstarten om godt og vel to månadar.

– Eg har gjort ein god treningsjobb over tid, og er der eg skal vera sjølv om eg har mista ein del økter og treningsdagar i det siste. Men dersom eg held meg frisk framover, så treng ikkje det gå utover vinterens prestasjonar, seier den lokale toppidrettsutøvaren som verkeleg er i fløyten om dagen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags