Martin slo OL-vinnarane

I GOD FORM: Martin Femsteinevik fekk ei flott oppkøyring til den internasjonale skiskyttaropninga på Sjusjøen om halvanna veke, etter at han søndag tok andreplassen på sprinten i Idre i Sverige. (Arkivfoto).

I GOD FORM: Martin Femsteinevik fekk ei flott oppkøyring til den internasjonale skiskyttaropninga på Sjusjøen om halvanna veke, etter at han søndag tok andreplassen på sprinten i Idre i Sverige. (Arkivfoto).

Av

Sverige sikra seg eit sensasjonelt OL-gull i skiskyttarstafetten sist vinter. På søndag måtte dei svenske stafettheltane sjå seg slått av Martin Femsteinevik i den svenske skiskyttaropninga.

DEL

Hatlestrand-talentet imponerte stort då han gjekk inn til andreplass på sprinten i Idre. Martin skaut fullt hus og gikk eit sterkt langrenn. Femsteinevik fekk dei svara han var på jakt etter i nabolandet. Det var for å få ei gjennomkøyring at han kryssa riksgrensa og stilte til start i Idre. 24-åringen hadde lyst på ei skikkeleg utblåsing før den internasjonale skiskyttaropninga på Sjusjøen om halvanna veke. Der kan Femsteinevik stilla med senka skuldrar.

– Eg har hatt gode testresultat i haust, og veit at eg er betre rusta fysisk enn nokon gong. På standplass har det også fungert bra på veldig mange av øktene. Eg har blant anna fått gode råd av Emil Hegle Svendsen som har hjelpt meg og dei andre på teamet. Eitt av vinterens mål er at eg skal skyta både raskare og betre enn eg har gjort. Forhåpentlegvis klarer eg å auka treffprosenten samtidig som eg får fyrt av skota raskare enn eg har gjort, seier Martin.

Heldt stor fart

Martin Femsteinevik har lyst til å konkurrera mest mogleg i IBU-cupen, som er ein slags World Cup B i vinter. For å bli med frå starten av er han avhengig av gode resultat i dei internasjonale opningsrenna på Sjusjøen. Det er nemleg prestasjonane der som dannar grunnlaget for det første uttaket. Martin trur det kan vera enklare å prestera så lenge han har gått renn i forkant og har tatt av litt av det presset som gjerne følgjer med ein sesongdebut.

– Eg føler eg er der eg skal vera, sjølv om eg i likskap med dei fleste andre har hatt eitt og anna sjukdomsavbrekk i oppkøyringa. Eg har totalt sett aldri vore så godt førebudd som eg er no. Det aller viktigaste no er å unngå sjukdom og skader. I så fall trur eg det kan bli ein bra start på sesongen, seier Femsteinevik, som i august flytta til Lillehammer.

Det var eit krav for å få plass på Team Mesterbakeren. Martin har ikkje angra på dét valet.

Får god oppfølging

På treningane får han god oppfølging av trenar Knut Tore Berland. Eit stort pluss er det også at han får god matching av dei andre på teamet. Emil Nyeng var den einaste som hamla opp med Femsteinevik då han blei nummer to på sprinten og sikra seg vinterens aller første pallplassering. Han er innstilt på å bruka tida inn mot sesongopninga godt.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags