Sterkare enn nokon gong

SATSAR: Ragnhild Femsteinevik har fått eit løft, sjølv om ho vart vegen og funne for lett på landslaget og er no sin eigen trenar. (Arkivfoto).

SATSAR: Ragnhild Femsteinevik har fått eit løft, sjølv om ho vart vegen og funne for lett på landslaget og er no sin eigen trenar. (Arkivfoto). Foto:

Av

Ragnhild Femsteinevik fekk ikkje fornya tillit på rekruttlandslaget i år. Ho satsar likevel for fullt og er sterkare enn nokon gong. Til helga deltar ho i Blinkfestivalen i Sandnes.

DEL

– Eg har forbetra meg på alt som er av testar. Det er eg naturlegvis nøgd med. Vonleg er det ein indikasjon på at eg har tatt steg og går ein bra sesong i møte, seier Ragnhild.

– Det aller viktigaste framover blir å halda meg frisk og skadefri, slik at eg får kontinuitet i treninga. Dei siste vekene og månadane har eg jobba ein del. Framover blir det mindre jobbing og meir trening, legg ho til.

22-åringen har hatt ei fin utviklingskurve etter at ho tok steget opp i seniorklassen. Ragnhild presterte så bra at ho fekk gå fleire verdscuprenn det første året ho var senior, trass i at ho ikkje var på noko forbundslag den vinteren. Dei flotte prestasjonane førte til at ho fekk plass på eit nyoppretta rekruttlandslag i fjor. Sjukdom i starten av sesongen førte til at den tidlegare juniorlandslagsutøvaren ikkje fekk tatt ut potensialet i vinter. Dei blei ingen representasjonsoppgåver på den hardtsatsande 1995-modellen.

Mista landslagsplassen

Ragnhild Femsteinevik fekk ein tøffare økonomisk kvardag og utfordringar på treningsfronten då ho mista forbundsplassen. Ho mista stipendet og det har ført til at ho må jobba ved sida av for å få det til å gå rundt økonomisk. Ein av landets aller mest spennande skiskyttarjenter på seniorsida innrømmer at det ikkje er optimalt i forhold til restitusjonsbiten og totalbelastninga å jobba.

– Eg kjem til å ha mest fokus på skiskytinga dei neste vekene og månadane. Fysisk er eg som sagt betre rusta enn nokon gong. Det inneberer at det kan bli bra dersom eg får til skytinga. Det er prestasjonane på standplass som ofte avgjer om det blir gode plasseringar eller ikkje, seier Ragnhild som har bevist at ho har eit høgt toppnivå når det klaffar.

Konkurrentane har fått erfara at Hålandsdalen-utøvaren ikkje er lett å slå når få ned blinkane og er i flyten.

Ser fram til Blink-festivalen

Det har blitt ein tradisjon at Ragnhild Femsteinevik stiller i Blink-festivalen. Ført og fremst fordi det er eit flott arrangement og eit fint høve til å testa formen, samt få ein peikepinn på korleis ho ligg an i forhold til sine beste norske og utanlandske konkurrentar.

– Eg gler meg til Blink-festivalen. Det kan bli artig i Sandnes dersom eg får til skytinga, seier Ragnhild.

Ho har bestemt seg for å stå over Lysebotn Opp i år for å ha fullt fokus på rulleskikonkurransen i Sandnes. For første gong i karrieren er ho sin eigen trenar.

Styrer treninga sjølv

– Eg styrer treninga sjølv og synest det fungerer bra. Kjærasten min, Aslag, stiller alltid opp når eg spør, han er til god hjelp, seier Ragnhild som har vore lite heime i sommar fordi ho har hatt sommarjobb på Lillehammer.

I forkant av Blink-festivalen blir det likevel nokre etterlengta dagar i heimtraktene. Dei vert hovudsakleg nytta til trening og sosialt samvære med familien som set pris på få ho heim.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags