Ragnhild fekk landslagsplass

Ragnhild Femsteinevik har fått plass på rekruttlandslaget kommande sesong.

Ragnhild Femsteinevik har fått plass på rekruttlandslaget kommande sesong.

Av

Ragnhild Femsteinevik blei for eitt år sidan vegen og funnen for lett for landslaget. På onsdag kom den hyggjelege beskjeden om at Hatlestrand-jenta er ei av dei som får plass på landslaget komande sesong.

DEL


Norges Skiskytterforbund signaliserer at dei ønskjer å satsa på 23-åringen som verkeleg har levert varene i vinter. Ragnhild har prestert både nasjonalt og internasjonalt. Det var derfor ingen stor overrasking at ho skulle komma med. Men den lokale skiskyttaren kjente seg ikkje trygg på det før telefonen kom om at ho var inne i varmen og med på utviklingslandslaget.

Det er eit rekruttlandslag som består av utøvarar som pustar VM-vinnarane i Østersund og landslagsløparane i nakken. Det er ikkje nødvendigvis dei som gjer det best av dei neste beste som får tillit der. Tonje Marie Skjelstadås som tok sølvmedalje i senior-NM og blei nummer to i noregscupen, kom ikkje med på nokon av landslaga. Mest sannsynleg fordi landslagsleiinga meiner at ho ikkje har potensial til å bli god nok til å gå verdscup på sikt.

Betyr veldig mykje

Det var ei lukkeleg Ragnhild Femsteinevik som Kvinnheringen var i kontakt med etter at uttaket var klart. Utøvaren, som for tida bur på Lillehammer, er tydeleg på at landslagsplassen innebere at det kjem til å bli hundre prosent satsing inn mot neste sesong. Hålandsdalen-utøvaren var innstilt på å satsa uansett. Men er ærleg på at ho måtte ha jobba ved sida av dersom det ikkje hadde blitt landslagsplass.

– Det er flest plussar med å vera på eit landslag. Både når det gjeld økonomi, utstyr, samlingsopplegg og ikkje minst den sportslege biten. Det siste året har eg vore min egen trenar. Det har fungert sjølv om det er enklare når du har ein flink trenar. Det vil eg få når eg no er tilbake på utviklingslandslaget. Forhåpentlegvis så vil kombinasjonen av god trenaroppfølging og gode lagvenninner vera med på å gje meg eit løft, seier ho.

Får mykje betre rammer

Det er ikkje berre det sportslege som gjer at det er attraktivt å vera på landslag. Ragnhild kjem også til å få mykje betre økonomisk oppfølging og ho treng ikkje å kjøpa utstyret sjølv ettersom det følgjer ein solid utstyrspakke med på kjøpet for dei som får landslagsplass. Lettare å få representasjonsoppgåver vil det også vera sidan landslagstrenarane til ei kvar tid har kontroll på kor sterke utøvarane er. Men treningsjobben må gjerast uansett.

– Eg er veldig klar for å ta fatt på ei ny sesongoppkøyring sjølv om eg no ser fram til nokre rolege veke før eg er i gang for fullt igjen, seier Ragnhild, som har vore i konkurransemodus sidan midten av november og fram til no.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags