To blad Femsteinevik var solide i premieren

22. PLASS: Martin Femsteinevik fekk 22. plass begge dagane under sesongopninga i helga. (Foto: Svein Halvor Moe).

22. PLASS: Martin Femsteinevik fekk 22. plass begge dagane under sesongopninga i helga. (Foto: Svein Halvor Moe). Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

I helga var det sesongpremiere for skiskyttarane. Både Martin og Ragnhild Femsteinevik kom bra frå det, sjølv om det ikkje vart topplasseringar på Sjusjøen.

DEL


Laurdag var det sprint for både damer og herrar. Ragnhild gjekk inn til 14. plass, etter fullt hus på første skyting, medan det vart to bom på andre skyting. Ho var to minutt og 13 sekund bak vinnaren Tiril Echoff, som var i ein eigen klasse. Ragnhild hadde berre seks norske skiskyttarar føre seg på lista, og av alle skyttarane var Femsteinevik den som brukte kortast tid på skytinga.

Bror hennar, Martin, fekk ein 22. plass på sprinten, med tre strafferundar. Bomskota kom på den ståande skytinga.

På fellesstart søndag fekk Ragnhild same plassering som laurdagen, med fire bomskot, tre av dei på den andre liggande skytinga. Martin gjorde som søstera, og fekk same plassering søndag som laurdag. Han heldt godt følgje med teten heilt fram til siste skyting, då vart det to bom, og det var for mykje til å hevda seg i toppen.


NUMMER 14: Ragnhild Femsteinevik hamna på 14. plass både under sprinten og fellesstarten på Sjusjøen i helga. (Foto: Svein Halvor Moe).

NUMMER 14: Ragnhild Femsteinevik hamna på 14. plass både under sprinten og fellesstarten på Sjusjøen i helga. (Foto: Svein Halvor Moe). Foto:

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags