Tøffare kvardag etter at landslagsplassen glapp

SATSER: Ragnhild Femsteinevik satser selv om hun ble veid og funnet for lett på
rekruttlandslaget. Hun har ambisjoner om å ta nye steg i fortsettelsen.

SATSER: Ragnhild Femsteinevik satser selv om hun ble veid og funnet for lett på rekruttlandslaget. Hun har ambisjoner om å ta nye steg i fortsettelsen. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Det blei ikkje den skiskyttarvinteren Ragnhild Femsteinevik håpa på. Ho klarte ikkje å følga opp den første sesongen på seniornivå og mistar landslagsplassen. Det får konsekvensar for satsinga.

DEL

– Det påverkar meg både treningsmessig og økonomisk at eg ikkje fekk tilbod om fornya plass på landslaget. Først og fremst i form av at eg ikkje er med på eitt lag med samlingsopplegg. Eg har heller ingen trenarar som eg kan trekka vekslar på. Dermed blir eg nøydt å kjøra mitt eige løp så lenge eg har bestemt meg for å bli på Lillehammer, seier Ragnhild til Kvinnheringen.

22-åringen har eit vanskelegare utgangspunkt foran sin tredje sesong på seniornivå enn den føregåande. For då var ho inne i landslagsvarmen etter å ha imponert i periodar den første vinteren ho hadde status som senior. Den svært så lovande Hatlestrand-jenta gjorde det veldig bra i IBU-cupen i starten av sesongen. Det førte til at ho fekk fleire startar i verdenscupen.

Fekk god oppfølging

Dei flotte prestasjonane førte òg til at ho var sjølvskriven på det såkalla rekruttlandslaget som Skiskyttarforbundet oppretta i fjor vår. Kravet for å vera med der var at dei som fekk tilbodet, anten budde eller flytta til Lillehammer. Ragnhild takka ja og sendte flyttelasset til Lillehammer. Ho har ikkje angra sjølv om det var mange plussar med å bu heime i Kvinnherad.

– Eg har totalt sett fått betre treningsfasilitetar og fleire å trena saman med etter at eg flytta til Lillehammer. Det var eit løft for meg å få fleire gode treningsvenninner, og ikkje minst ein landslagstrenar som budde i byen, som eg kunne trekke vekslar på. Den lange snøvinteren var òg eit pluss sjølv om det var bra treningsforhold heime denne vinteren, seier Femsteinevik.

Må jobba

Det mest fordelaktige med å vera landslagsløpar er det økonomiske og at utøvarane har eit bra støtteapparat rundt seg. Jentene og gutane som har status som landslags- og forbundsløparar, får en solid utstyrspakke. Stipendet som følger med er òg gull verdt. Ragnhild får no kjenna på kroppen at den økonomiske kvardagen blir tøffare etter at ho blei vegen for lett.

– Eg er nøydt å jobba ved sida av for å få det til å gå rundt økonomisk. Det er alt anna enn ideelt så lenge eg stort sett trenar to økter dagleg og det er viktig å få kvilt mellom øktene. Restitusjonsbeten kan vera avgjerande for kor stort utbytte du har av øktene. Men eg er avhengig av inntekt for å ha høve til å forsvara utgifter som mat, leilegheit, bil også vidare. Derfor har eg i realiteten ikkje noko val, seier Femsteinevik.

Har starta oppkøyringa

Den tidlegare junior- og rekruttlandslagsutøvaren er godt i gang med oppkøyringa til det ho håpar skal bli hennar beste sesong som skiskyttar. Motivasjonen og treningsiveren var på topp då ho i starten av mai gav seg i kast med dei første øktene. Revansjelysten er stor ettersom sjukdom i starten av sesongen førte til at ho kom skeivt ut i vinter.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags