Andreas (13) gjorde jobben

STOLT ONKEL: – Fantastisk bra, Andreas! Onkel Terje Hus var minst like glad som 13-åringen sjølv, etter at unge Hansen skaut seg til finaleplass. Foto: Vidar Alfarnes.

STOLT ONKEL: – Fantastisk bra, Andreas! Onkel Terje Hus var minst like glad som 13-åringen sjølv, etter at unge Hansen skaut seg til finaleplass. Foto: Vidar Alfarnes.

Han har vore ekstremt stødig heile sesongen, men manglar prikken over i-en. No har Andreas Hansen (13) posisjonert seg for det heilt store – på sjølvaste Landsskyttarstemnet i Stjørdal.

DEL

Seint laurdag ettermiddag gjekk den unge Kvinnherad-skyttaren inn på standplass, la seg ned og sende 25 fulltreffarar rett i skive nummer 21.

– Eg var roleg frå start av, og det var først på dei siste skota eg merka litt nervøsitet. Men det kjendest ut som om alle skota sat der dei skulle, seier den ekstremt avslappa 13-åringen frå Omvikdalen.

Like roleg var ikkje dei som sat og følgde skytinga på storskjermen på LS-arenaen.

Passar fint

Aller verst hadde nok onkelen det. Terje Hus er både trenar og mentor for den lovande skyttaren. For ei veke sidan var dei på ein kjapp turné og skaut tre stemner i Hallingdal, før Andreas reiste på Norway Cup med resten G14-laget til Rosendal. Men alt onsdag tok Andreas toget frå Oslo til Geilo, og blei plukka opp av Terje på veg nordover til Stjørdal, med eitt mål for auget: Å bli medlem av 350-klubben.

– Ikkje noko hadde passa betre enn om eg kunne klara det her på LS. Konkurransen er beintøff, og eg kjem garantert til å rasa kraftig på resultatlista om eg ikkje fyller i finalen også, seier guten som har skote 349 fleire gongar.

Poenget bak

Kring fem tusen skyttarar har funne vegen til Stjørdal. Éin prosent av desse kjem frå Kvinnherad. Aller flest frå Hatlestrand og Ølve. Der har dei ein svært habil kar som heiter Ingebjørn Lønning. Under den innleiande baneskytinga i klasse V55 var han i det aller siste laget. Det enda med 246 poeng.

– Det er eg svært godt nøgd med. To poeng betre enn i Førde i fjor. Eg skulle jo gjerne hatt eitt poeng til før finalen. No er det sju som ligg på 247, og då kjem nok ein av dei til å vinna. Men eg satsar på å fullføra med stil, smiler Lønning.

Han har skote tre norgescup-stemner rett i forkant av LS. Eitt i Steinkjer, eitt på Namdalseid og eitt i Øvre Ogndal. Det gjekk ikkje så bra.

– Difor var eg litt nervøs før skytinga i dag. At prøveskota heller ikkje sat der dei skulle, gjorde ikkje situasjonen betre. Heldigvis enda det godt til slutt, seier Lønning.

Gode resultat

Sjølv om LS ikkje er over før fredag, er det allereie veldig mange som alt har vore i aksjon. Mange kvinnheringar har også gjort det skarpt. Camilla Djuvsland frå Varaldsøy har skote 244 på bane i klasse 1. Jan Gunnar Tufta, frå Hatlestrand og Ølve, gjekk ein god feltrunde (29/20), som han avslutta med å få ned alle tre blinkane på stuparen på 8,39 sekund. Morten Røssland, Husnes skal skyta finale på felt i klasse V73, etter fullt hus og 30/19 på den innleiande feltrunden.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags