Revansje for dei eldste – stabilt for Andreas

Av

Husnes-skyttarane Kåre Helland, Morten Røssland og Leiv Håkon Kaldestad var ikkje i perlehumør etter LS-veka på Evje. Godt då at dei fekk revansjert seg litt under samlagsmeisterskapet i helga.

DEL

Sunnhordland skyttarsamlag strekkjer seg heilt frå Haugesund i sør til Hatlestrand og Ølve i nord. To gonger i året kan ein bli samlagsmeister. I felt, stang og stupar på våren, og om hausten på bane.

Flott start

– Samlagsmeister er ein gjæv tittel, smiler Leiv Håkon Kaldestad. På Stord var det ingen som kunne måla seg med den lokale V55-skyttaren. Han opna heilt fantastisk med 150 på klassen.

– Det var solid, men så ville det seg ikkje på grunnlaget. Eg var ikkje nervøs, men det er likevel eitt eller anna som skjer. Eg spenner meg nok litt ekstra, og tek ikkje imot rekylen slik eg skal. Då vart det fire niarar omtrent i same holet, og 96 poeng. Heldigvis fekk eg til ein flott finalerunde. 99 poeng var klart innanfor. Likevel litt trasig at eg ikkje får sydd seriane skikkeleg saman, forklarar den nyslåtte samlagsmeistaren.

Ingebjørn Lønning vart nummer tre.

Feilfritt lag

På samlagsstemna står også lagskyting på programmet. I veteranklassen leverte både Kvinnherad og Husnes skyttarlag avtrekk av beste merke. Kvinnherad skaut 299 poeng, men vart likevel berre nummer to. For trioen vi nemnte i starten var heilt uslåelege. Fullt hus og 300 poeng. Det høyrer med at også leiaren i Sunnhordland skyttarsamlag, Ole Bennæs (V55), skaut hundre poeng på sin ankeretappe.

Travel laurdag

For mange var stemnet på Isdal siste rest av årets utandørs- sesong. Men slettes ikkje for alle. Til helga reiser fleire av dei beste skyttarane til Jondal, Tørvikbygd og Voss.

– Det er dei tre siste stemna i Noregs-cupen, forklarar Kaldestad. Sjølv ligg han på ein 12. plass i samandraget. Skyt han betre enn 243 poeng, vil han få stroke dei dårlegaste noteringane frå tidlegare, og kan forhåpentleg avansere nokre hakk på den endelege resultatlista.

Jubilerte på Stord

Kva så med den lokale «skyttarprinsen» Andreas Hansen?

– Alt vel med meg. Eg sleit jo heilt fram til LS i fjor med å klare 350 poeng. Var eitt poeng unna veldig mange gonger. Men etter at eg fekk fullklaff i Stjørdal, har eg skote 350 på ytterlegare ni stemner. Det gjorde eg også på Stord i helga. Som den einaste, smiler unge Hansen, samlagsmeister for aller første gong.

– Eg kan ikkje forklare kvifor det har vorte slik. Men det er jo sjølvsagt heilt fantastisk, og no skvett eg jo litt i skyttarjakka om det dukkar opp ein niar.

Kameratskap

Andreas skal også skyta stemna i Jondal og Tørvikbygd til helga. Men han gler seg nok endå meir til helga etter.

– Då skal eg reisa på tur til Numedal. Ein full buss med ungdomar frå Sunnhordland skal nok ein gong vera med på ei stor ungdomssamling på Austlandet. Med mykje moro og fire flotte stemner. Her er alle dei beste med. Men på denne turen er nok det sosiale aller viktigast. Eg har fått veldig mange gode vener frå dei andre klubbane i distriktet. Det er jo desse folka eg møter og konkurrerer mot kvar einaste helg i sesongen. Rett og slett ein herleg gjeng, forsikrar den lokale storskyttaren.

Attende frå Austlandet er også sesongen hans slutt. Det same er tida som eldre rekrutt.

– Neste år er eg junior, og då skal eg skyta kneståande. På mest alle treningar etter jul, har eg testa det ut. Som vanleg er, har eg slite litt med å finne den optimale stillinga. No kjennest det ut som om eg har funne ein god posisjon, og eg gler meg til å ta fatt på nye utfordingar i 2020.

PS! Tysnesingen Knut Dalland som skyt for Hatlestrand og Ølve, følgde opp LS-triumfen frå Evje med å bli samlagsmeister på bane i klasse V65. Dette gongen etter omskyting mot Olav Magne Nesse frå Bremnes.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags