Gode resultat i Haugesund

Av
DEL

Ditt Kvinnherad
Laurdag og søndag 14. og 15. september deltok dei to søskena Ida Helen Gudding (15) og Didrik Gudding (14) saman med symjeklubben sin Stord symjing på symjestemnet Araberswim, som Haugesund symjeklubb arrangerte.

300 deltakarar deltok på stemnet som var Didrik og Ida Helen sitt første store stemne denne hausten.

Ida Helen svømde tre distansar, og sette nye rekordar på alle distansane. 100m krål persa ho med nesten to sekund, og med den nye tida så blir ho rekna som medaljekandidat på denne distansen framover. På 50m krål greidde ho nesten å kvalifisera seg til det store internasjonale stemnet, Nordsjøstevnet i Stavanger som går av stabelen i slutten av oktober. Der hamna ho fattige 0,2 sekund frå kravet som er 29,50, men dette satsar ho på å greie på neste stemne som blir i AdO Arena i Bergen om ei god veke. Dette blir det siste stemnet før kvalifiseringa går ut for hennar del, då heile klubben reiser til Barcelona på treningsleir veka etter dette stemnet.

Didrik møtte så å seia heile eliten blant 14-åringane frå Vestlandet på svømmedistansane sine. Her var det berre dei som sette nye rekordar som kunne vinna. Didrik fekk med seg 1. plass og nokre 2.- og 3. plassar. Han persa på første distanse og svømde dei andre rundt same tida som han allereie har på distansane. Dette viser at guten er i rute med tanke på det internasjonale Nordsjøstevnet, der han har kvalifisert seg til heile ti distansar.


Resultat Didrik Gudding
200m fri – 2.10,59 (4. plass)
100m butterfly – 1.08,06 (3. plass, pers)
50m fri – 27,14 (1. plass)
100m fri – 59,90 (4. plass)
200m medley – 2.34,15 (2. plass)
100m rygg – 1.09,69 (3. plass)

Resultat Ida Helen
50m fri – 29,72 (4. plass, pers)
100m fri – 1.05,77 (5. plass, pers)
50m butterfly – 35,20 (6. plass, pers)

Ronny Gudding, far

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags