Gode prestasjonar i Birkebeinerrittet

GLADE GUTAR: Seks av dei sju ryttarane som køyrde som lag. Tore Petterson (t.v.), Kjetil Mehl, Frode Sønstabø, Gunnar Helleland, Håvard Pedersen og Rune Haugland. (Foto: Privat).

GLADE GUTAR: Seks av dei sju ryttarane som køyrde som lag. Tore Petterson (t.v.), Kjetil Mehl, Frode Sønstabø, Gunnar Helleland, Håvard Pedersen og Rune Haugland. (Foto: Privat).

Av

Kvinnherad Sykkelklubb var i år òg sterkt representert under Birkebeinerrittet.

DEL


Sju stykk valde i år som i fjor å stilla som lag og køyra for kvarandre og best moglege tider.

Vêret på veg frå Kvinnherad til Lillehammer fredagen var frykteleg dårleg med kraftige regnbyer. Gjengen var såleis førebudd på ei våt og sørpete løype over fjellet frå Rena til Lillehammer. Vêret har vore strålande og løypa knusktørr og rask dei fire føregåande åra. Uroa viste seg likevel å vera grunnlaus då gjengen vakna opp til skyfri himmel og 8–10 grader ved Sveastrand Camping klokka 06 laurdag morgon. Stemninga var dermed på topp og forholda perfekte for raske tider.


Pers på pers

Det skulle visa seg at treningstimar med blod, sveitte og (kanskje litt) tårer gav utslag i gode tider for alle dei ti utøvarane frå Kvinnherad.

Reidar Pedersen sette ny personleg rekord med 41 minutt, frå 4:10 i 2017 til 3:29 i 2018. Han greidde Birkenmerket på andre forsøk.

Ikkje mindre imponerande var prestasjonen til gjengens eldste, Gunnar Helleland, i Klasse 55-59, som i sitt niande forsøk tok Birkenmerket med knusande 20 minutts margin. Tida 3:16 slo førre rekord med heile 26 minutt.

På femte forsøk klarte også Roger Nundal endeleg Birkenmerket etter år med fleire uhell. Også Nundal sette personleg rekord med tida 3:27, 15 minutt betre enn den førre.

Tore Petterson, som var med som førstereisgut, imponerte også med tida 3:21, og demed Birkenmerket på første forsøk.

Frode Sønstabø fortset med sin imponerande framgang på sykkelsete, og køyrde inn til si til no beste tid på 3:15.

Oddvar Eikenes slo sin førre rekord med to minutt.

Kjetil Mehl var klubben sin mest aggressive ryttar med skikkeleg krut i beina. Han drog gjengen i pulje 17 med imponerande krefter som viser at han er tilbake i godt gammalt slag. Han køyrde inn til 3:14.

Håvard Pedersen og Rune Haugland har mange treningstimar i banken, samt rutine i Birkentraséen. Duoen sykla inn til høvesvis 3:13 og 3:14.

Mehl sa sjølv etter rittet i dag at han hadde bein til å sykla på rundt tre timar, men at han køyrer for laget. Det same gjeld for klubben sine mest meritterte, Håvard og Rune. Dei har kapasitet til langt betre tider, men har dei siste to åra valt å sykla for laget.


Dagens mann

Fleire imponerande tider og spreke syklistar, men årets fair play-pris og dagens helt er likevel ryttaren nedst på lista av kvinnheringane. Vegar Saghaug fekk i utgangspunktet ei slutt-tid på 4:11, men han kunne raskt fortella ventande i målområdet at han hadde komme ut for ein diabetikar som låg strak ut i vegbanen. Vegar stoppa for å hjelpa, og diabetikaren kom seg etter kvart på beina igjen.

Saghaug fekk redusert tida si med tida han brukte på å stoppa. Dagens helt fekk slutt-tida redusert med 15 minutt og fekk tida 3:56.


Etter at alle var komen i mål var det tid for god mat og drikke i målområdet medan ein spent sat og følgde gutane i Eliteklassen der bror til Kjetil, Vidar Mehl, stilte til start. Vidar fekk 11. plass.

Dagen blei avslutta med sosialt samvær og analysar av prestasjonane på Sveastrand Camping.

Av Kvinnherad Sykkelklubb

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags