Til junior-VM

Martin Femsteinevik er svært nøgd med VM-plassen. (Arkivbilde).

Martin Femsteinevik er svært nøgd med VM-plassen. (Arkivbilde).

Artikkelen er over 5 år gammel

Hatlestrendingen Martin Femsteinevik er teken ut til VM i skiskyting for juniorar i USA.

DEL

I fjor vart Femsteinevik teken ut på juniorlandslaget, og han sa den gong at det store målet var å bli teken ut til VM for juniorar. No er målet hans nådd, og tysdag vart han teken ut som ein av fem til VM som går av stabelen i perioden 28. februar til 7. mars i Presque Island i USA.

I helga var det siste uttaksrennet for juniorane. Norgescup-rennet vart avvikla i Myrkdalen og Femsteinevik hadde ikkje då sine beste dagar. Han vart nummer 12 på normaldistansen, med seks tilleggsminutt. Noko betre gjekk det på sprinten neste dag. Då vart han nummer sju, denne gongen med to bom. Her var det svært jamt, og det var berre eit halvt minutt opp til førsteplassen.

Lukkeleg
Det er ein svært glad Martin Femsteinevik vi snakkar med, dagen etter at han fekk beskjeden om VM-plass.
– Eg håpte det skulle gå slik, men var litt usikker. På sprinten søndag var det kluss med skiva eg skulle skyta på, men takka vera leiaren i skiskyttarkrinsen som ropte at skiva ikkje var i orden, fekk eg skifta skive. Eg fekk òg eit fråtrekk i tida på femten sekund. Desse sekunda, har truleg sikra meg ein plass i VM, forklarar Femsteinevik.

Førebuing
Den neste månaden blir det førebuing fram mot VM. Då er det ikkje heilt ideelt å bu i snøfrie Kvinnherad.
– Det har ikkje vore bra snøtilhøve i år, og dersom ikkje dette betrar seg fram mot VM, må eg nok ha ei veke ein eller annan stad der det er trygge og gode snøtilhøve.

– Eg er nok òg inne på tanken på at eg ikkje kan bu her for evig og alltid, på grunn av snøtilhøva. Lillehammer hadde vore ideelt i så måte, men der har dei ikkje studiet eg ønskjer å koma inn på, seier Femsteinevik.

Før VM skal skiskyttaren frå Hatlestrand delta i junior-NM helga 14.–16. februar.
– Fram til då blir det mykje mengdetrening, så korleis resultata blir i NM er nok litt uvisst. For meg blir alt no sikta opp mot VM, seier Martin.

Den ståande skytinga er det han må terpa mest på fram til USA-turen.
– Eg har slite litt med ståande og må jobba knallhardt for å heva sjølvtilliten min der.

Noko direkte mål har ikkje Martin med omsyn til VM.
– Eg drøymer om å hevda meg heilt i toppen, så får vi sjå.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags