Blei norgesmeistrar i sandvolleyball – igjen

Hjortland og Kjølberg vann torsdagens NM-finale i sandvolleyball. Foto: Ørjan Dalseth / NIF.

Hjortland og Kjølberg vann torsdagens NM-finale i sandvolleyball. Foto: Ørjan Dalseth / NIF.

DEL


Ane Guro Tveit Hjortland frå Hatlestrand og makker Victoria Faye Kjølberg frå Asker tok torsdag ettermiddag NM-gull i sandvolleyball i Stavanger.

Det er duoen sitt andre strake NM-gull.

Etter eit jamt førstesett stakk dei av i andresett og vann fortent 2–0 (21–17, 21–14) over Ingrid Lunde og Janne Hordvik.

– Det var ein veldig gøy kamp der vi fekk til spelet vårt og gjennomførte det vi hadde planlagt. Vi held kommunikasjonen oppe, jobbar og pressar kvarandre for å vera på topp. Gull var motivasjonen i dag, og det gjer mykje av jobben, seier duoen like etter NM-finalen, ifølgje ei pressemelding frå Norges idrettsforbund.

Sandvolleyballfinalen arrangerast som ein del av NM-veka som føregår i Stavanger-området.

Vinnarane reiser no vidare til Kina, Italia og Canada for å delta på verdsturneen. Dei har også vunne første runde i OL-kvaliken og har som mål å ta seg vidare til finalen i neste kvalifikasjon for å kvalifisera seg til OL i Tokyo.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags