NM-gull til Strand-Ulv-spelarar

Lars Kristian Ekeland og Benjamin Utvik tok NM-gull søndag. (Foto: Privat).

Lars Kristian Ekeland og Benjamin Utvik tok NM-gull søndag. (Foto: Privat).

DEL

Lars Kristian Ekeland frå Hatlestrand tok søndag ettermiddag NM-gull i sandvolleyball.

Ungguten og makker Benjamin Utvik vann U17-finalen 2–1 (21–18, 14–21 og 15–12).

Tora Tuften Aksnes-Øystese og Birgitte Maaseide tok også NM-gull. I søndagens finale vann duoen 2–1 (21–18, 17–21 og 15–11). Dermed fekk jentene revansj etter semifinale-tapet i U19-klassen.

NM for juniorar gjekk av stabelen i Oslo førre veke.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags