«Gratulerer med morsmålsdagen!»

Av
DEL

MEININGAR I dag, 21. februar, er verdas morsmålsdag. Gratulerer!

Når ein person snakkar morsmålet sitt, er det eit direkte samband mellom hjarta, hjernen og språket. Å snakka morsmålet sitt gjer den einskilde personen sterk og sjølvstendig.

Den internasjonale morsmålsdagen blei erklært av UNESCO i 1999, og har blitt markert 21. februar kvart år sidan. Dagen blir markert for å fremja språkleg og kulturelt mangfald.

UNESCO jobbar for å bevara det språklege mangfaldet i verda, og gjennom dette auka forståing og toleranse mellom mennesker.

Morsmålet vårt bitter individet saman med ein kultur i samfunnet, og identiteten som er blitt danna. Morsmål er eit verdifullt middel for å overføra og bevara kulturarva vår. Det er ein viktig global eigedel for kvar nasjon. Det å kunna sitt eige morsmål gjer at vi blir meir bevisste på kven vi er og kor vi kjem frå.

For menneske frå alle samfunnslag, uansett kva slags språk dei snakkar, er morsmålet deira heilt avgjerande. Dei som ikkje kan snakka, skriva og uttrykka seg på morsmålet sitt, lengtar alltid etter morsmålet. Morsmålet er den første delen av kvar person sin sosiale, og kulturelle identitet og personlegdom.

Språk er kapasiteten vår, og eit rammeverk der tankar blir danna. Å kunna bruka morsmålet sitt bør vera ein grunnleggjande menneskerett. Det er mogleg å finna eit forhold mellom morsmålet, og forholda mellom menneske.

På eit enklere språk spelar morsmålet ei rolle i å bygga eit emosjonelt samband mellom menneske, også i eit samfunn. Morsmålet er ikkje berre talespråket, men kjenslespråket vårt. Kjenslespråket og språket i eins liv, er mennesket sitt indre språk. Og den tankeprosessen skjer først i kvar persons sitt indre språk, også oversett til han eller hennar talespråk.

Retten til å snakka sitt eige morsmål kan ikkje alltid takast for gitt. Særleg i land der lokale morsmål er truga av meir dominante språk. I tillegg manglar mange språk i dag skriftformer,som gjer dei vanskelegare å formidla til nye generasjoner.

Av denne grunnen er det viktig at alle forfattarar, lærarar og dei eldste, bevisst bruker og lærer vidare språket også skriftleg. Dette for å unngå at det einskilde morsmålet ikkje forsvinn.


Fairouza Muradi

journalist fra Kurdistan, busett på Husnes

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags