Sprek gjeng i årets første karusellrenn

Her ser du Jonas Midtun Hjelmeland som gav seg ut i løypa med eit breitt smil.
Små og store gjorde ein flott innsats då Uskedalen IL arrangerte årets første karusellrenn på ski i Fjellhaugen på søndag.
Trass i at snøen kom litt brått på førre veke, meldte 34 spreke ungar seg på barneskirennet. Dei var først ut i løypa, og gjorde ein kjempeflott innsats. Dei fekk fin medalje og saft etter at dei kom i mål.
Etterpå var det dei litt eldre ungane, frå åtte år og oppover, sin tur saman med dei vaksne i konkurranserennet. Det var berre seks vaksne deltakarar. Kari Bråtun var einaste kvinne som deltok, og ho gjekk 5 kilometer på tida 19.40. Beste mann som gjekk 10 kilometer var Håvard Pedersen med tida 36.13, og Kjetil Mehl kom i mål som nummer to med tida 36.30. På tredjeplass kom Magne Heien med tida 39.04.
Dei neste karusellrenna blir arrangert på følgjande datoar:
●Tysdag 5. februar i Tveitedalen – Karusellrenn – Fristil – IL Ternen
●Søndag 17. februar i Fjellhaugen – Skibytte – kl/fri – Omvikdalen IL
●Søndag 10. mars i Tveitedalen – Kvinnheradmeisterskap – Klassisk – IL Ternen
●Søndag 17. mar i Fjellhaugen – Telenorrennet – sprint/fri – Uskedal IL
●Søndag 24. mar – Stafett – kl/fri/fri – Rosendal TL
Uskedal IL trener i Fjellhaugen tysdag og torsdag ettermiddag, og oppmodar alle som ønskjer å begynna med skitrening om å ta kontakt med dei ulike idrettslaga.
DELTAKARAR BARNESKIRENN:
(etter startnummer)
1. Vilde E. Myklebust, Omvikdalen IL
2. Lilja E. Myklebust, Omvikdalen IL
3. Cecilie Sundal Utne, Rosendal TL
4. Amalie Sundal Utne, Rosendal TL
5. Peder Sundal Utne, Rosendal TL
6. Emil Petterson, Trio
7. Bartos Pawlak, Trio
8. Tilde Havnerås Olsen Omvikdalen IL
9. Alida Guddal Hjelmeland, Omvikdalen IL
10. Tiril Havnerås Olsen, Omvikdalen IL
11. Per Håkon Korsvold, Uskedal IL
12. Erle Marie Korsvold, Uskedal IL
13. John Skogtun Hegland, MIL
14. Brynjar Hegland Kvernmo, MIL
15. Kristoffer Enes, Uskedal IL
16. Malene Hillesdal Hegland, MIL
17. Kristian Hillesdal Hegland, MIL
18. Tuva Lund, Omvikdalen IL
19. Aleksander Finnebotn, Trio
20. Sunniva Finnebotn, Trio
21. Maren Småmo, Rosendal TL
22. Helene Petterson, Trio
23. Ola Hermann-Fossli, Uskedal IL
24. Iver Hermann-Fossli, Uskedal IL
25. Anna Hermann-Fossli, Uskedal IL
26. Åsne Rolland Seglem, Trio
27. Kristina Rolland Seglem, Trio
28. Jonas Midtun Hjelmeland, Omvikdalen IL
29. Johanne Hjelmeland Arnesen, Uskedal IL
30. Tiril Røssland, Trio
31. Andrea Huse Bjørnebøle, Uskedal IL
32. Sverre Lunestad, Rosendal TL
33. Tommy Petterson, Trio
34. Viljar Hella Berge-Soldal, Uskedal IL
KARUSELLRENN:
Gutar og jenter 8 år, 1,3 km
Sondre Mehl, Omvikdalen IL
David Holmedal, IL Ternen
Elias E. Myklebust, Omvikdalen IL
Maiken Mehl, Omvikdalen IL
Lillian Eikemo Steine, IL Ternen
Sigrid Lunestad Opland, Rosendal TL
Gutar og jenter 9 år, 1,3 km
Sigurd Lunestad, Rosendal TL
Ingvild Tvilde, Uskedal IL
Cecilie Sundal Utne, Rosendal TL
Gutar og jenter 10 år, 1,3 km
Trym Sæle, Uskedal IL
Frøy Sæle, Uskedal IL
Kayla Stensletten, Uskedal IL
Ebba Hermann-Fossli, Uskedal IL
Anna Simone Enes, Uskedal IL
Gutar 11 år, 2 km
1. Åsmund Eikemo Steine, IL Ternen: 9.30
2. Terje Eikemo Steine, IL Ternen: 9.46
Gutar 12 år, 2 km
1. Amund Hella Berge-Soldal, Uskedal IL: 7.02
Gutar 13 år, 3 km
1. Isak Solli Søllesvik, Omvikdalen IL: 13.15
Gutar 15 år, 5 km
1. Eirik Steinsvik, Omvikdalen IL: 18.26
2. Jonas Solli Søllesvik, Omvikdalen IL: 19.00
3. Kristian Øvstebø, Uskedal IL: 21.00
4. Karsten Bjørnebøle, Uskedal IL: 22.35
5. Torbjørn Haugland, Uskedal IL: 23.16
Kvinner 21-29 år, 5 km
1. Kari Bråtun, Uskedal IL: 19.40
Menn 30-39 år, 10 km
1. Kjetil Mehl, Omvikdalen IL: 36.30
Menn 40-49 år, 10 km
1. Håvard Pedersen, IL Ternen: 36.13
Menn 60-69 år, 10 km
1. Magne Heien, IL Ternen: 39.04
2. Åsmund Mehl, Rosendal TL: 39.24
3. Iver Blokkum, IL Ternen: 43.41
Menn, trimklassen, 5 km
1. Stig Klette, Rosendal TL: 26.33
Kommentarer til denne saken