Stage Dolls til Husnes

(Pressefoto).

(Pressefoto).

Av

Omstock avslørte måndag kveld at Stage Dolls kjem til Husnes siste helga i august. Omstock arrangerer saman med Kulturhuset Husnes, og berre 200 billettar er tilgjengelege.

DEL


– Vi gler oss som «smågutar» til kvar konsert i sommar, seier vokalist og gitarist Torstein Flakne i Stage Dolls, ifølgje ei pressemelding.

Karane i Stage Dolls lovar å gi alt for sitt trufaste publikum.

– No har vi som alle andre artistar hatt ein dvale på to–tre månader, så det kriblar skikkeleg etter endeleg å få spela for folk igjen.

19. juni sleppte Stage Dolls ein splitter ny singel, med det klingande namnet «The Summer We Won’t Forget».

– I tillegg spelar vi sjølvsagt alle dei gamle gode låtane og nokre til, så vi håpar folk tar turen innom der vi kjem og kosar seg med oss, skriv bandet i ei pressemelding om sommarturneen deira som i august fører dei til Husnes.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken