Gå til sidens hovedinnhold

Startar med «take away»-bibliotek

Artikkelen er over 1 år gammel

Kvinnherad bibliotek har fått løyve frå smitteverngruppa i kommunen til å tilby «take away»-tenester frå biblioteket.

No kan du altså låna bøker, filmar og tidsskrift trass i stengte dører, står det å lesa i ei pressemelding

Tilbodet fungerer slik:

Du som ønskjer å låna noko, tar kontakt med biblioteket med dine ønskje. Så lagar dei tilsette på biblioteket klar ein pose med det du ønskjer å låna, som du kan henta utanfor biblioteket til avtalt tidspunkt. Du får ein SMS når du kan henta, skriv Kvinnherad bibliotek.

Du kan velja enkelttitlar, men du kan òg bestilla bokpakkar, til dømes morosame og spennande bøker til 10-åringen, hagebøker eller krim til påsken.

Det er utlevering av bøker mellom klokka 12 og 14 måndag til fredag. I påskeveka kan du henta bøker måndag og tysdag.

Tenesta vil halda fram også etter påske, om situasjonen er den same då.

Utkøyring

For grupper som ikkje er så mobile, bur langt unna eller sit i karantene, kan biblioteket tilby levering av bokposar på døra. Det vert levering etter kapasitet, avhengig av kor stor pågangen blir.

Les også

Una Kolle er tilsett som dagleg leiar for Folgefonnsenteret

Kommentarer til denne saken