– Folkehelseinstituttet vurderer at kommunane ikkje bør utsetja oppstart av vaksinering av aldersgruppa 65 til 74 år lengre enn nødvendig. For å kunna gje eit tilbod til alle over 65 år vil vi ha to dagar i Rosendal samfunnshus og to dagar i Kulturhuset Husnes der folk kan møta opp, melder Kvinnherad kommune.
I Rosendal vert det drop in-vaksinering 13. september og 4. oktober, medan det på Husnes er lagt opp til vaksinering 22. september og 28. september.
– FHI seier at dersom ein nyleg har hatt korona, bør det gå minst tre veker etter at du vart frisk før du tek oppfriskingsdosen, skriv kommunen.

Les også