Startar opp Turorienteringa og Åsatrimmen

Turorienteringa og Åsatrimmen startar opp igjen på Halsnøy 1. mai.

Turorienteringa og Åsatrimmen startar opp igjen på Halsnøy 1. mai. Foto:

I og med at regjeringa no har letta litt på restriksjonane rundt koronaepedimien, vert Turorienteringa og Åsatrimmen på Halsnøy sett i gang frå 1. mai.

DEL

Halsnøy O-lag samarbeider no med turlaget ved Fatland Aktivitetshus, med namnet «Haug og hammar», om Turorienteringa og Åsatrimmen på Halsnøy.

Det er desse laga som har valt ut og lagt ut postane også i år.

– Postane er no komne ut i terrenget på kartet Halsnøy Sør,del 2, og konvoluttane som inneheld mellom anna kart, informasjon og klippekort er å få kjøpa hjå «Buketten» på Sæbøvik, skriv laga i ei pressemelding.

Frå same dato er det også høve til å starta på ein ny sesong av Åsatrimmen, og klippekorta til denne får ein òg tak i på same staden.

– På grunn av koronaviruset er det svært viktig å halda avstand og ta omsyn til andre turgåarar. Tur-O postane har derfor i år bokstavkodar som må skrivast ned med tynn, medbrakt tusjpenn på klippekortet, på grunn av laminering. I Åsatrimmen brukar du stifteklemmene på toppen, men ha gjerne med deg eingongshanskar og/eller antibac. Eller bruk ein stein/bork/trestykke mellom handa og stifteklemma når du stemplar i kortet, presiserer dei.

Arrangørane legg til at våren er ei fin tid til å ferdast i terrenget, med lite undervegetasjon og få eller ingen insekt.

Artikkeltags