Desse fire har dei mest populære namna

Desse fire elevane på Halsnøy har populære namn, og er veldig nøgde med dét. F.v. Emma Bjellebø (11), Emma Størksen (12), Emil Njøs Landa (9) og Emil Sjo Frøystad (7).

Desse fire elevane på Halsnøy har populære namn, og er veldig nøgde med dét. F.v. Emma Bjellebø (11), Emma Størksen (12), Emil Njøs Landa (9) og Emil Sjo Frøystad (7).

Artikkelen er over 2 år gammel

I fjor var jentenamnet Emma og gutenamnet Emil dei mest populære namna i Sunnhordland. Det synest desse fire elevane på Halsnøy er kult.

DEL

På Halsnøy skule er det faktisk fire jenter som heiter Emma, og to gutar som heiter Emil. Vi tok ein prat med dei fire elevane som hadde tid til oss, for å høyra kva dei tenkjer om at namna deira er så populære.

– Eg synest det er kult. Det er jo kjekt å ha eit namn som er populært, då er det mange som synest det er fint, seier Emil Sjo Frøystad (7), og Emil Njøs Landa (9) nikkar. Ingen av dei kjem på eit namn dei heller ville hatt.

– Då eg var yngre synest eg Elisabeth var eit veldig fint namn, men no synest eg Emma er finare, legg Emma Størksen (12) til.

Men å ha det same namnet som mange andre kan også vera litt utfordrande, innrømmer ho:

– Då må ein bruka første bokstaven i etternamnet for å skilja to med same namnet frå kvarandre. Eg blir Emma S, og ho blir Emma B, seier ho og peikar bort på Emma Bjellebø (11) som sit ved sida av oss.

Dei fire er også glade for at dei har så korte namn, som både er enkle å skriva og uttala.

– Eg ville ikkje hatt eit langt fornamn. Då hadde det blitt så mykje å skriva saman med etternamnet. Nokon har jo både to fornamn og to etternamn, seier Emma Bjellebø (11).

Ho veit at namnet hennar er populært, for ho har faktisk hatt skuleoppgåve om det:

– Då søkte eg blant anna opp kor mange som hadde det i Norge, og kva det betydde.

Emma kan ifølgje nettsida norskenavn.no både bety «heil» og «universal». Emil kan bety «rival» eller «vennleg».

– Trur de namn er viktig?

– Ja, eigentleg. Det må jo passa til personen. Viss nokon eg kjenner hadde skifta namn trur eg det hadde vore rart, og vanskeleg å hugsa. Eg hadde nok kalla dei det gamle namnet nokre gonger før eg vente meg til det, seier Emma Størksen.

Her ser du dei SSB si oversikt over dei mest populære jente- og gutenamna i Sunnhordland (Kvinnherad, Stord, Bømlo, Fitjar) i 2017. I parentes ser du talet på personar fødde i Sunnhordland i 2017 som fekk namnet.

PÅ TOPP I SUNNHORDLAND 2017 (Kvinnherad, Stord, Bømlo, Fitjar)

Jentenamn
1.Emma (7)
2.Maja (6)
3.Tiril (5)
3.Nora (5)
3.Ella (5)
6.Victoria (4)
6.Sofie (4)

Gutenamn:
1.Emil (7)
2.Jacob (6)
3.Marius (5)
3.Kasper (5)
3.Jonatan (5)
6.Ulrik (4)
6.Oskar (4)
6.Oliver (4)
6.Matheo (4)
6.Lucas (4)
6.Lars (4)
6.Isak (4)
6.Filip (4)
6.Alexander (4)

PÅ TOPP I NORGE I 2017

Jentenamn:
1.Sofie/sophie
2.Nora/Norah
3.Emma
4.Sara/Sarah/Sahra/Zara
5.Ella
6.Olivia
7.Maja/Maya/Maia
8.Emilie
9.Sofia/Sophia
10.Ingrid/Ingerid/Ingri

Gutenamn:
1.Jakob/Jacob
2.Lukas/Lucas
3.Emil
4.Oskar/Oscar
5.Oliver
6.William
7.Filip/Fillip/Philip/Phillip
8.Noah/Noa
9.Elias
10.Isak/Isaac/Isac

(Kjelde: SSB).

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken