Erna opnar Folgefonnsenteret

Statsminister Erna Solberg kjem til Rosendal neste veke. (Pressefoto).

Statsminister Erna Solberg kjem til Rosendal neste veke. (Pressefoto).

Artikkelen er over 1 år gammel

Førstkomande tysdag er det klart for snorklipp for Folgefonnsenteret. Den skal statsminister Erna Solberg stå for.

DEL

Utvendig har ein kunne betrakta det ei god stund allereie, det nye Folgefonnsenteret. Men no er det straks ferdig og klart innvendig òg. Tysdag som kjem vert senteret offisielt opna for publikum, ei opning som ingen ringare enn statsminister Erna Solberg vil stå i spissen for. På opningsdagen blir senteret ope heilt til kvelden, med gratis inngang, og publikum vil få sjå interaktive utstillingar og filmar som fortel historier om livet i fjorden, om klimaet og om kva Folgefonna nasjonalpark har å by på.

Tema i utstillinga er mellom anna vatnet sin syklus på Jorda, Folgefonna, atmosfæren, energi, nasjonalparken, naturmangfald og klimaforsking. Vidare kan ein læra meir om livet under vatn, alt frå korleis havdyra ser i mørkret til korleis dei formeirar seg.

– Folgefonnsenteret har felles billett med Skipsbyggjarmuseet Skaalurensamlinga, slik at du også kan oppleva historia om trebåtbygginga i området, som var på topp frå 1850–1950, står det å lesa i ei pressemelding.

Artikkeltags