Sender Kvinnherad-bilde til Obama

Statsminister Erna Solberg syntest motivet Inga Tveito tok på Fjellansdbø i Uskedalen var så flott at ho ville bruka det som julekortet sitt. (Foto: Inga Tveito).

Statsminister Erna Solberg syntest motivet Inga Tveito tok på Fjellansdbø i Uskedalen var så flott at ho ville bruka det som julekortet sitt. (Foto: Inga Tveito).

Artikkelen er over 3 år gammel

Statsminister Erna Solberg har plukka ut eit vakkert vintermotiv frå Uskedalen som skal pryda julekortet hennar i år. Det betyr at eit Kvinnherad-bilde kan bli hengjande hos sjølvaste president Barack Obama i Det kvite hus.

DEL

Kvart år sender statsminister Erna Solberg julekort til mange hundre menneske. I år arrangerte Regjeringa ein konkurranse, der kven som helst kunne senda inn sitt favorittmotiv frå Hordaland.

– Før konkurransen gjekk i gang, trekte vi lodd for å finna ut kva fylke motivet skulle koma frå. Litt pinleg då at eg trekte Hordaland som eg sjølv kjem frå, men veldig stas, seier statsministeren på telefon til Kvinnheringen.

Ho fekk inn rundt 70 bidrag med alle slags moglege motiv.

– Bildet av Fjellandsbø i Uskedalen fell eg for med det same. Det er eit nydeleg vintermotiv med vakre blåtonar i, seier Solberg.

Fotografen er Inga Tveito, som kjem frå Uskedalen, men som no bur i Bergen.

Solberg kjenner Kvinnherad godt frå før, då søster hennar har hytte på Varaldsøy.

– Vi plar vera ei veke kvar sommar på Varaldsøy, seinast var eg der i sommar. Men eg er ikkje så godt kjent med Kvinnherad vinterstid.

Kjærleiken til Kvinnherad spelte elles ikkje inn på avgjersla hennar når favorittmotivet skulle veljast ut.

– Nei, her var det kvaliteten i bildet som avgjorde valet. Det formidlar ein veldig fin stemning, og er godt representativt for vinter-Norge, meiner statsministeren.

– Kven er det som får julekort av deg?

– Eg sender julekort til mellom 6-700 menneske. Dette er både venner, bekjente og andre kontaktar, men òg statsleiarar som Barack Obama, David Cameron og Angela Merkel. Ja, til og med statsministeren i Kina og i Japan kjem til å få julemotiv frå Fjellandsbø i posten i år, seier Solberg.

Artikkeltags