Dei populære Stavangerkameratene står på scena under Omstock laurdag kveld. Konserten har 18 års aldersgrense, men arrangørane veit at også mange som er under 18 år er fans av desse kjekke og flinke kameratane, og vil difor, i samarbeid med Kvinnheringen, invitera 20 personar som er for unge til å gå på konserten på kvelden til eit ekslusivt møte med bandet tidlegare på laurdagen. Treffet vil vera klokka 18, og vil vara i rundt 20 minutt. Her vil ein få høve til å treffa bandet, ta bilde med det, få autografar samt få oppleva ein liten akustisk opptreden.
Gå inn på Kvinnheringen si Facebook-side og grunngjev i kommentarfeltet på denne saka kvifor akkurat du bør bli plukka ut:
- Kom gjerne med ei lita grunngjeving for kvifor akkurat du bør få treffa Stavangerkameratene. Om det er små barn som ønskjer å delta, er det lov å ta med ein føresatt. Dei som blir plukka ut, må møta utanfor inngangen til kinoen seinast klokka 17.45 førstkomande laurdag, seier Trond Betten i Omstock.
Vinnarane blir kontakta. Lukke til!