Han veit kva han snakkar om. Etter fleire år inn og ut med korte opphald ved DPS Valen og somatisk klinikk ved Stord sjukehus, utan at det hjelpte, var Steffen klar for langtidsbehandling.

– Og det fekk eg gjennom ordninga Fritt behandlingsval (FBV), seier han.

Steffen leita og fann eit tilbod på Austlandet som var eigna for hans situasjon. Han hadde brukt alkohol sidan han var 14. Han måtte ha eit heilskapleg, langvarig tilbod som gav ein ny start.

– Og det fekk eg. Eg klarte å snu livet mitt.

– Kva trur du hadde skjedd om du ikkje hadde fått dette tilbodet?

– Eg hadde halde på framleis. Det er eg brennsikker på. Det hadde blitt inn og ut av sjukehus og DPS på stabilisering. Til slutt ville eg nok blitt stempla som IBB.

– IBB? Kva er det?

– Ikke behandlingsbar.

– I all verda – er det noko òg?

– Ja, det er eit slanguttrykk for dei som blir gitt opp.

Flyttar frå Kvinnherad

I staden for å bli IBB fekk Steffen gjort unna ikkje berre avrusing, men òg starten på eit nytt liv med hjelp til etablering i ny leilegheit og å finna ein jobb. Med i opplegget var eit heilskapleg omsyn med tverrfagleg innsats. Steffen hadde timeplan med fysisk trening, terapi gjennom samtalar med terapeut, og gruppeterapi. Han hadde tilgang til samtalar med sosionom, psykiater, miljøarbeidar, lege. Han var på rett stad, og følte han blei sett og teken vare på.

– Og at dei som jobba der verkeleg ville at eg skulle bli frisk. Dei hadde ikkje berre ein jobb; det var ein livsstil.

– Men om Fritt behandlingsval er borte, då må ein i staden flytta til den helseregionen der hjelpa finst?

– Ja, det må ein. Eg flyttar no, til Austlandet. Det er for å vera nær behandlingstilbodet. Vi veit jo at tilbakefall kan koma, og då vil eg vera der eg veit eg kan få den hjelpa eg treng, seier han.

– Men eg likar meg jo veldig godt der borte òg. Har funne meg ein leilegheit litt utanfor byen. Det er veldig fint der, legg han til.

Utanfor huset står ein varebil full av Steffen sine ting, pakka og klar til å køyra mot Tønsberg for eit godt liv vidare.

Fleire dødsfall

Steffen Raudstein er fylt av alvor ved tanken på dei som ikkje får den anledninga han fekk til å kvitta seg med rusproblem og etablera eit nytt liv. Han har vondt av det som han har sett vil koma når fritt behandlingstilbod vert skrota.

– Talet på overdosedødsfall vil skyta i vêret, og det vil statistikken knytt til tal dødsfall på grunn av rus òg, seier han alvorsamt.

Han kjenner alt til dødsfall som har skjedd mens ein ventar på innlegging.

– Dei lokale tilboda har ikkje kapasitet til å ta imot dei som treng langtidsbehandling. Då går det gale, seier han og synest opplegget er meiningslaust.

– Eit langtidstilbod er dyrt, men Staten vil i det lange løp måtta betala betydeleg større summar, meiner han og viser til akuttmottak, primærhelseteneste, krisesenter, kommunale lågterskeltilbod og liknande som må avhjelpa.

– 12 vekers behandlingstid er ikkje nok. I alle fall ikkje for meg, seier han.

– Kor lenge vil du seia eit langtidstilbod er?

– Mellom seks og ni månadar. For mitt tilfelle opp mot eitt år.

Forelska i alkohol

– Korleis gjekk det til at du starta med alkohol så tidleg?

– Det var jo drikkepress. Det var tøft å drikka. Det var forventa, og no ser vi at unge byrjar tidlegare og tidlegare. Det er ein stygg trend, seier han.

Nokre personar er meir eksponerte til å utvikla avhengigheit slik at det blir sjukdom.

– Eg var ein av dei.

Med alkohol i blodet kjende han ei ro, ei god kjensle som han forelska seg i.

– Men eg benekta at eg hadde problem og sa at det var dei andre som tok feil, seier han.

I 2017 var han gjennom ei undersøking som viste at han var avhengig.

– Når du ser tilbake, kva ville det vore det beste som kunne skjedd deg i den tida?

– Det ville vore å blitt fanga opp, bli sett meir enn eg gjorde, og blitt granska med eit litt kritisk blikk. Og blitt fortalt kva høve det var til å få behandling, seier han.

– Med denne livserfaringa kan du sjølv vera til god hjelp for andre?

– Ja, og det er noko eg kjenner at eg har lyst til. Å vera med på å hjelpa andre slik at dei kan få like god hjelp som eg sjølv har fått.

500 millionar kroner

Ordninga Fritt behandlingsvalg blei innført i 2015. Her kan private klinikkar som er godkjende av Staten behandla pasientar, og det er Staten som betalar gjennom pasienten sitt lokale sjukehus. Sidan ordninga kom har 60.000 personar nytta ordninga. Ein rapport slår fast at ordninga ikkje fungerer godt, men fagfolk er samstundes kritiske til korleis rapporten er utarbeidd.

Arbeidarpartiet og SV meiner ordninga er ei privatiseringsreform. Høgre svarar med at det er nettopp det den ikkje er, fordi før kunne folk med pengar sjølv kjøpa seg opphald på privat avrusingsklinikk. Med Fritt behandlingsvalg kan også vanlege folk gjera det.

Regjeringa hadde fram til 1. juli avviklinga ute på høyring, og blant innspela var Tysnes kommune som kalla dette ei rask og dårleg planlagt utfasing av tilbodet, som kan føra til lengre ventetider, som igjen vil krevja kommunale tenester. Kvinnherad kommune og Helse Fonna hadde ikkje innspel, men Helsedirektoratet hadde eit lengre notat som lista opp ei rekkje utfordringar, spesielt med tilbaketrekking av godkjenningar av etablerte klinikkar, og med utfordring med gode pasientforløp og heilskapen i tenesteytinga. Helsedirektoratet etterlyste eit klarare regelverk i ein overgangsperiode der pasienten sin rett til spesialhelseteneste vert oppfylt.

Regjeringa seier at ordninga vil halda fram til juli 2023, men meiner FBV i liten grad har oppnådd å få ned ventetider og å gjera helsetenestene meir effektive. I staden har ordninga trekt pengar frå lokalsjukehus og i hovudsak gått til private klinikkar på Austlandet.

André N. Skjelstad (V) stilte i slutten av juni spørsmål til statsråd Ingvild Kjerkol om korleis ho ville forsikra seg om at tilbodet til menneske med helse- og rusutfordringar blir betre i spesialisthelsetenesta etter avvikling av FBV, og om statsråden kunne garantera at talet på behandlingsplassar vil vera lik eller høgare etter avvikling.

Han viste til at 34 godkjente behandlingsinstitusjonar innan rus og psykiatri vil missa finansieringa, og setja 500 behandlingsplassar i fare.

Ingvild Kjerkol (Ap) svara at dei offentlege sjukehusa brukte over 500 millionar kroner på å betala FBV.

«Dette er ressursar dei no får behalda, og kan brukast til å styrkja tilbodet i dei offentlege sjukehusa, eller til å inngå samarbeid med private gjennom langsiktige avtalar der behandlingskvalitet for pasientane vert lagt vekt på.»