Gå til sidens hovedinnhold

Stein på storleik med bildekk rasa ned i vegbanen i Nordrepollen – vegen stengt

Rasutsett vegstrekkje råka igjen.

Vegtrafikksentralen Vest skriv at det er på fylkesveg 49 i Nordrepollen, på utsida av Jondalstunnelen. at det har rasa ned stein og at vegen er stengt.

– Det er geolog på veg for å sjekka at det er trygt å begynna med opprydning. Geolog er på plass ca. klokka 12, står det.

Vest politidistrikt har twitra at det er meldt om to store steinar på storleik med bildekk som har rasa ned i vegbanen mellom Jondalstunnelen og Nordrepollentunnelen.

– Ingen treft av steinane. Dei kjem litt brått på. Entreprenør på veg til staden, skriv politiet.

Klokka 09.15 melde Vegtrafikksentralen at vegen no var open, men at den kan bli stengt iløpet av dagen når geolog er å staden for å sjekka fjellsida.

Les også

Ullensvang kommune vedtok å gi tunnel mellom Austrepollen og Nordrepollen høgste prioritet i første del av neste planperiode

Kommentarer til denne saken