Steinparken vert meir tilgjengeleg

GLER SEG: Øystein Skaala i Rosendalstiftinga ser fram til å gjera Steinparken meir tilgjengeleg for formidling om stein og vatn.

GLER SEG: Øystein Skaala i Rosendalstiftinga ser fram til å gjera Steinparken meir tilgjengeleg for formidling om stein og vatn.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Onsdag gav forvaltningskomiteen klarsignal for at Rosendalstiftinga kan få byggja ei ny varmestove og utstillingslokale i Steinparken.

DEL

– Det nye bygget på 100 kvadratmeter vil gje oss ein heilt annan Steinpark, og vil føra til at besøkjande grupper kan få høve til å møtast på ein annan måte, uavhengig av vêrtilhøva, seier leiar i Rosendalstiftinga, Øystein Skaala.

Steinparken er blitt eit populært besøksmål både for kvinnheringar og tilreisande sidan den offisielle opninga for 10 år sidan, og den er i stadig utvikling. I 2009 vart det mellom anna sett opp eit toalettbygg her.

– Vi har besøk av skuleklassar og mange andre grupper frå store delar av landet. Når vi får opp det nye bygget med ei permanent utstilling, vil det opna for at vi kan gje desse gruppene endå betre informasjon og gjera det tilgjengeleg på ein heilt annan måta, meiner Skaala.

Rosendalstiftinga har motteke mange gåver opp gjennom åra, mellom anna frå arkeologar. Fleire av desse vil bli utstilte i det nye utstillingslokalet når det står ferdig.

Det omsøkte bygget ligg i eit LNF-område som tilseier at det ikkje skal utførast byggetiltak her. Men både rådmannen og politikarane meiner det nye bygget er av allmenn interesse. Bygget vil vera samfunnsnyttig og gjera Steinparken meir besøksvenleg, meiner dei.

– Vi har eit mål om at bygget kan bli reist i løpet av året. Går ikkje det, så skal vi i alle fall ha det på plass til neste sesong, seier Skaala.

Det står framleis litt igjen for å få fullfinansiert den nye tilveksten til Steinparken. Stiftinga har fått god hjelp av Helene Ravndal til skisse og utforming av det nye konseptet.

Auka besøkstal

Steinparken er ein sentral del av den naturfaglege formidlinga ved Folgefonna Nasjonalparksenter. Rosendalstiftinga har samarbeidd med ei rekkje geologar og kunstnarar når parken er blitt utforma.

– Men vi har òg god hjelp frå Steinparkens vener som gjer ein stor jobb her. Dei bidreg både i drifta og i stell og vedlikehaldsarbeid, seier Skaala.

Han trekkje fram det gode samarbeidet stiftinga har hatt med biletkunstnaren Bård Breivik og steinhoggaren Rolf Karlsen. Dei har samarbeidd om mange store prosjekt, der fleire av dei har handla om stein og vatn. Det har kome Steinparken til gode.

Ungdomssamling

Steinparken har vore ein samlingsstad for ungdomar, spesielt natt til 1. mai og natt til 17. mai. Det har ikkje Leiv Guddal i Steinparkens vener og Øystein Skaala noko i mot. Dei har ikkje opplevd noko hærverk på anlegget i samband med slike samlingar.

– Vi har eit godt samarbeid med Rosendal ungdomskule. To gonger i året deltek elevane i ei storrydding av parken. Vi trur at årsaka til at det ikkje vert gjort hærverk under ungdomssamlingane her på kveld- og nattetid, er at desse ungdomane føler eit eigarforhold til parken, seier Guddal og Skaala.

Dei meiner det er viktig at Natteravnane er til stades på desse ungdomssamlingane.

– Eg trur ungdomane set pris på det, seier Skaala.

Både Rosendalstiftinga og Steinparkens vener ser fram til ein ny sesong som opnar komande søndag, der dei skal formidla nokre smakebitar av den geologiske og biologiske utviklinga gjennom dei lange geologiske tidsbolkane i Jorda si historie.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags