Norske rekordar på bogestemne

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

DEL

Det blei svært god skyting då den nystarta Kvinnherad Bogeskyttarklubb arrangerte kveldsstemne 17. november, der bogeskyttarar frå Stord Bogeskyttarklubb og Kvinnherad deltok på 30-skotstemne på Sunde skule.

I klassen Instinktiv utan sikte blei det sett ny norsk lagrekord. Den gamle rekorden til Kristiansand Bueskyttarklubb på 779 poeng vart forbetra med 12 poeng til 791 poeng. Best skaut Frank Johnsen med 267 poeng, tett følgd av Terje Bakke og Hans Einar Holmedal med 262 poeng.

Også i Compound-klassen med sikte vart det ei solid forbetring av den norske rekorden. Atle Helland (i klassen +50) forbetra rekorden frå 285 poeng til 292 poeng.

I klassen Barbow utan sikte vart John Arild Medhaug best med 163 poeng, det same vart Terje A. Haugen i Compound 2 med 275 poeng, og likeeins Lukas A. Sunde i yngste klasse med 37 poeng.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags