Stenger det eine apoteket på Husnes midlertidig

Vitusapotek Kvinnherad, som ligg på Kvadraten, stengde frå og med fredag.

Vitusapotek Kvinnherad, som ligg på Kvadraten, stengde frå og med fredag.

DEL

På grunn av lite personale på apoteka, og ekstra stor pågang frå kundar, stenger det eine apoteket på Husnes frå og med fredag 13. mars. Apoteket som stenger er det som ligg på Kvadraten, ved Vinmonopolet og Clas Ohlson, og som heiter Vitusapotek Kvinnherad.

Apotekar Ingunn Kroka Raudstein fortel at tre av dei tilsette er i karantene, og at alle tilsette no midlertidig blir overførte og samla på Vitusapotek Husnes på storsenteret.

– Det er ekstra mykje folk innom oss no. Spesielt i går var det stort press, både frå folk som vil henta ut medisinen sin, og som skal ha andre ting som Paracet. Der har vi måtta setja inn restriksjonar, slik at det berre er mogleg å kjøpa éin pakke Paracet per person, fortel Raudstein.

Apoteket er òg utselt for Antibac og munnbind, og folk er òg begynt å kjøpa mykje C-vitamin-tilskot.

– Førebels er det ingen grunn til å hamstra. Men som vanleg oppmodar vi folk om å vera ute i god tid. Framleis er det for mange som kjem for å henta medisin når dei er tomme. Rådet er å ha medisin heime for nokre veker fram i tid.

– Elles vil vi unngå for mykje folk på apoteket samtidig, og oppmodar folk om å la vera å komma viss det ikkje er heilt nødvendig. Vi minnar folk om reglane frå myndigheitene om å halda éin meters avstand til kvarandre, også inne på apoteket, avsluttar Raudstein.

Artikkeltags