Det melder Vestland fylkeskommune.

«I samband med tunnelarbeidet er det nødvendig å sikra ei høg fjellskjering langs vegen. Området som skal sikrast ligg vest for avkøyringa til Kroka der vegen er svært smal. Arbeidet blir gjort for å sikra dei som arbeidar langs vegen og trafikantar. Sikring av terrenget blir gjort med sprøytebetong og sikring», opplyser fylket i ein e-post.

Stengetidspunkta blir:

Frå måndag 30. mai til fredag 3. juni frå kl. 21.00–05.00. Det blir ope for gjennomkøyring frå kl. 23.30–00.30.

Alle bussar i rute går som normalt. Arbeidet vil bli varsla med skilt i Odda, Austrepollen, Årsnes og Gjermundshamn, skriv fylket.