For å førebyggja og avgrensa smitte, og verna om sårbare grupper, har Kvinnherad kommune ved kommuneoverlegen, med heimel i smittevernlova, gjort vedtak om reduksjon i tenestetilboda på helsestasjonane i kommunen.
– Vi vil prioritera oppfølging av nyfødde, 6-vekerskontroll hos helsesjukepleier og lege, samt barnevaksinasjonsprogrammet. Helsestasjon for ungdom og reisevaksinasjonskontoret er stengd inntil vidare, står det i eit vedtaksbrev på postlista til kommunen.
Vidare blir det poengtert at folk ikkje skal møta på helsestasjonen om dei er sjuke, og at ikkje fleire enn éin person må møta opp med barnet til helsekontroll.

Berre akutthjelp å få hos tannlegane
– Gravide vil òg få eit redusert tilbod, men følgetenesta held framleis fram. Ved behov for følgje til sjukehus i samband med fødsel, må ein opplysa til jordmor på telefon, om ein har symptom på koronavirus-sjukdom. Dette vedtaket gjeld i fyrste omgang i 3 veker frå og med 17. mars 2020. Vedtaket blir fortløpande vurdert og kan bli endra på kort varsel etter korleis smittesituasjonen utviklar seg, står det å lesa.