Stenger mange tenestetilbod: – Det er forventa at vi i tida som kjem vil ha fleire alvorleg sjuke med store hjelpebehov

Fleire tenestetilbod blir stengte eller reduserte som følgje av korona-situasjonen.

Fleire tenestetilbod blir stengte eller reduserte som følgje av korona-situasjonen. Foto:

Kommunen har gjort vedtak om fleire endringar i tenestetilbodet frå tysdag 17. mars.

DEL

For å førebyggja og avgrensa smitte, og verna om sårbare grupper, har Kvinnherad kommune ved kommuneoverlegen, med heimel i smittevernlova, gjort vedtak om endringar i tenestetilbod. Det står å lesa i eit brev på postlista.

Dei følgjande endringane er:

– Alle dagsenter og dagaktivitetstilbod er stengt

– Fysioterapi er stengt

– Frisklivssentralen er stengt

– Rehabiliteringstilbod er sett på vent

– Støttekontakt vert i hovudsak stoppa

– Korttidsplassar i institusjon skal primært nyttast til pasientar som grunna helsetilstand eller andre forhold ikkje kan få forsvarleg hjelp i eigen heim

– Avtalte opphald i institusjon for kartlegging, rehabilitering og avlastning går ut. Den enkelte vil få nærare informasjon dersom ein er omfatta av dette tiltaket

– Søknader om langtidsplass i institusjon vert ikkje handsama før situasjonen er avklara

– Flytting ut og inn av omsorgsbustader knytt institusjonane vert stoppa

– Henting av hjelpemiddel frå heimar vert utsett

– Planlagt praktisk hjelp i heimen kan bli avlyst på kort varsel

Vedtaket gjeld frå 17. mars, og i første omgang i tre veker. Vedtaket blir fortløpande vurdert og kan bli endra på kort varsel etter korleis smittesituasjonen utviklar seg.

Kommunen skriv i vedtaket at det vert sett i gang tiltak for å avgrensa smittespreiing, samstundes som ein førebur seg på ein situasjon med auka sjukdom blant innbyggjarane.

– Det er forventa at vi i tida som kjem vil ha fleire alvorleg sjuke med store hjelpebehov. Men også eit større fråvær i personalgruppa grunna sjukdom og karantene. Vi ser det som nødvendig å gjera tiltak for å sikra best mogeleg ressursutnytting og på den måten sikra nødvendig helsehjelp til alle grupper i befolkninga. Helsehjelp som er nødvendig for å sikra liv og helse vil i tida framover bli prioritert, står det å lesa.

Kommunen legg til at den vil gjera alt den kan for å ta i vare nødvendig helsehjelp som til dømes medisinar, ernæring og personleg stell og pleie, men at det kan bli endringar i kor, korleis og kor tid tenestene vert ytt.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags