Gå til sidens hovedinnhold

Stenger Nordrepollentunnelen i to døgn på grunn av fare for ras

Det er meldt mykje nedbør dei neste dagane.

Vegtrafikksentralen Vest melder på Twitter måndag at Nordrepollentunnelen og kryss Fv49/Fv5032 blir stengt frå i dag, måndag, ved midnatt, og fram til onsdag ved midnatt.

– Vert stengd på grunn av fare for ras. Dette grunna at det er meldt mykje nedbør dei neste dagane. Geolog har vurdert området og det er fatta beslutning om å stenga vegen preventivt, står det å lesa.

Eit steinras stengde laurdag strekkja mellom Nordrepollentunnelen og Jondalstunnelen i eitt døgn. Vegen vart opna att søndag ettermiddag. Også helga før vart strekkja råka av ras.

Les også

Steinras stengjer vegen mellom Austre- og Nordrepollen

Kommentarer til denne saken